Klargjering av emballasje for sal
Handelsnæringa ser på emballasje som «den stille salspersonen» som skal gjere kundane nyfikne og lokke dei til å kjøpe produkta. For å leggje til rette for at det blir lettast mogleg å plassere produkta i butikken, bruker handelsnæringa spesielle emballasjeløysingar. Mykje emballasje er utforma slik at produkta er enkle å plassere i butikken.
I mange butikkar er produktsortimentet i dag så breitt at mange produktvariantar konkurrerer om den same hylleplassen. Derfor blir det vanlegare at varene blir stabla enkeltvis i butikkhyllene i staden for å oppta plassen til ein heil kartong.
Sidan emballasjen skal marknadsføre produkta, er det viktig at han ikkje blir skadd under handtering.
Les meir om emballering på STAND si nettside: Standardiseringsutvalget for norsk dagligvare (STAND).