Hopp til innhald
Fagartikkel

Ombruksemballasje

Her ser vi på korleis næringslivet kan bidra til ei berekraftig utvikling ved å bruke ulike typar ombruksemballasje..

Ombruksemballasje er emballasje som vi kan bruke fleire gonger. Vi finn ombruksemballasje både på F-, D- og T-pak-nivå. Slik emballasje bidreg til ei berekraftig utvikling ved å leggje til rette for ombruk av emballasjen fleire gonger.

PET-flasker til mineralvatn er eit døme på ombruksemballasje på F-pak-nivå. Topphattane mellom kvart forband er eit døme på ombruksemballasje på T-pak-nivå.

IFCO-kasser (International Food Container) eir eit døme på ombruksemballasje på D-pak-nivå.

Oppgåve

Nemn minst fem døme på ombruksemballasje.