Hopp til innhald

Fagstoff

Persontransport med uventa hendingar

I løpet av transporten kan det skje mykje som fører til avvik frå tidstabellen. Profesjonelle yrkessjåførar må kunne utføre nødvendig kundebehandling òg når uventa situasjonar melder seg. Her skal vi sjå nærare på kundebehandlingsreglar når det hender avvik.
Vegsperring med varselskilt for ras og skilt som seier at vegen er stengd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forseinkingar

Under transport kan det lett oppstå forseinkingar som følge av forhold som ligg utanfor kontrollen til yrkessjåføren.

Døme på slike forhold

  • stengde vegar som følge av fare for ras
  • stengde fjellovergangar som følge av stort snøfall
  • stengde brusamband som følge av sterk vind
  • avlyste ferjeavgangar som følge av uvêr
  • stengte veg som følge av trafikkulykker
  • køkøyring som følge av sprengd vegkapasitet

I alle slike situasjonar er informasjon den viktigaste tilleggstenesta ein sjåfør kan gi.

Ved stengde fjellovergangar vinterstid praktiserer busselskapa ulike rutinar for korleis dei følger opp passasjerane. I utgangspunktet har ikkje transportselskapet ansvar for meirkostnadene passasjerane får til mat og overnatting. Nokre transportselskap dekker likevel slike utgifter for å få fornøgde passasjerar.

Andre hendingar

Bussbrann, trafikkulykke, evakuering frå tunnel og motorstopp er andre hendingar som ein bussjåfør må vere førebudd på.

Akutt sjukdom

Det kan òg oppstå akutte sjukdomsanfall under transport, og då må ein vere førebudd.

Sjekkliste ved akutt sjukdom

Sjukdom

Symptom

Tiltak

Hjerneslag

Pasienten er medvitslaus, har talevanskar og lammingar, raud ansiktsfarge og snorkande anding.

Legg pasienten i sideleie, sikre frie luftvegar, ring 113.

Hjarteinfarkt

Pasienten har sterke, vedvarande
brystsmerter og eventuelt utstråling til hals, skulder eller venstre arm. Han/ho er kortpusta med kvelings-kjensler, er kvalm og brekker seg. Pulsen er rask og uregelmessig. Sirkulasjons-forstyrringar kan føre til medvitsløyse og sirkulasjonsstans.

Pasienten skal ha ro. Legg pasienten i sideleie om han/ho er medvitslaus. Utfør HLR (hjarte–lunge-redning) ved andingsstans og hjartestans, ring 113.

Epilepsianfall

Pasienten er medvitslaus og har krampetrekningar i nokre minutt.

Sikre frie luftvegar,
la pasienten få kvile, ring 113 ved anfall på over ti minutt.

Føling eller
insulinsjokk

Pasienten er skjelven og rotete, han/ho kan verke rusa.

Gi pasienten noko søtt. Om dette ikkje er mogleg, ring 113.

Diabeteskoma

Pasienten er tørst, slapp, døsig – av og til medvitslaus. Han/ho har magesmerter, djup anding med lukt av aceton (neglelakkfjernar).

Ring 113.

Relatert innhald

Førstehjelp er den hjelpa du skal utføre når du oppdagar uhell, sjukdom eller skade.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022

Læringsressursar

Kundeservice