Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvalitetskrav for transporttenester

Det er viktig at kundane blir nøgde med dei transporttenestene dei får. Det er berre kundane som kan seie om leveransane har god kvalitet eller ikkje.

Oppgåve 1 Godstransporttenester

Gå saman i grupper og drøft kva kvalitetar ei godstransportteneste bør oppfylle for at ein kunde skal bli nøgd. Kvar gruppe tek kontakt med ei bedrift for å undersøkje kva kvalitetar ei godstransportteneste bør oppfylle for at kundane skal bli nøgde. Finn deretter ut om det er fellestrekk mellom dei forskjellige bedriftene.

Oppgåve 2 Godstransport

Du har kjøpt ei vare frå ein butikk i Tromsø. Varen skal transporterast og leverast til di adresse i Drammen. Kva vil vere viktige kvalitetskrav for deg som transportkjøpar?

Oppgåve 3 Persontransport

Det er helg, og du har valt å bruke ekspressbuss som ditt transportmiddel heim. Du er student i Bergen, og du skal heim til Trondheim. Kva for kvalitetskrav vil vere viktige for deg som busspassasjer på ei slik reise som krev at du sit i bussen i mange timar?

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2018

Læringsressursar

Kundeservice