Hopp til innhald
Fagartikkel

Service og kundebehandling ved terminaltenester

Logistikkoperatører på sorteringsterminaler bidrar også i arbeidet med å tilfredsstille kundebehov under et transportoppdrag. Vi viser her først hvordan samlastspeditører organiserer sine transportopplegg. Deretter tar vi for oss hvilke kundekrav logistikkoperatørene på terminalene må oppfylle.

Gods sendt med samlastspeditørar

tek på seg for gods som skal sendast mellom byar og tettstader i heile Noreg. For å makte dette har samlastspeditørane ein sentralterminal i Oslo-området og regionterminalar i større byar rundt om i landet.

Kvar regionterminal har ansvaret for å hente inn og distribuere gods innan sin eigen region. Regionterminalane samlastar gods til andre regionar i konteinarar og sender dei til sentralterminalen i Oslo-området. Sentralterminalen sorterer innkommande transittgods til andre regionar og samlastar godset i konteinarar. Konteinarbilar transporterer så konteinarane til regionterminalane. Logistikkmedarbeidarane på regionterminalane sorterer deretter godset på distribusjonsruter, før distribusjonssjåførar leverer godset hos mottakarane.

Kundeforventningar

Godskundar forventar i dag å motta perfekte ordrar. Med det meiner vi ein ordre som

  • er levert til rett tid
  • er komplett
  • er skadefri
  • har korrekt dokumentasjon (faktura, pakkseddel, fraktbrev, tollpapir og så bortetter)

Både yrkessjåførar og logistikkoperatørar må bidra til å oppfylle desse krava.

Døme på logistikkoperatør

Henning arbeider som logistikkoperatør på ein samlastterminal. Han sorterer dagleg innkommande gods og behandlar det skånsamt for å unngå å skade godset. Skulle godset
likevel bli skadd, melder han straks ifrå, slik at avsendaren kan varslast. Når godset skal lastast i konteinarar etter at det er sortert, er Henning nøye med at alt gods som høyrer til same kolli, blir lasta i same konteinar, og ikkje i to ulike.

Henning ser ikkje kundane i arbeidet sitt. Han møter berre andre logistikkmedarbeidarar og yrkessjåførar. Han ser likevel på dei som internkundar og leverer alltid godset vidare som om det skulle vere til sluttkunden.