Oppgave
Kundeservice for godstransportsjåfør
Omgrepet service er stort og omfattande på fagområdet vårt. Ei form for service er dei tiltaka som er gjorde for at ein terminal skal fungere best mogleg for kundane våre.
Når vi snakkar om kundeservice for ein yrkessjåfør, er det mange som tenkjer persontransport. Det er like viktig for ein godstransportsjåfør å utføre god service for kundane sine.
Kva typar servicetenester meiner du er dei viktigaste ein godstransportsjåfør må utføre for kundane sine?