Hopp til innhald

Førstehjelp

Førstehjelp er tiltaka du skal starte med om du kjem i ein situasjon der nokon har vorte akutt sjuke eller skadde. Når du veit kva du skal gjere i ein slik situasjon, kan du bidra til å redde liv og hindre at tilstanden blir verre.
Ein mann er lagd i sideleie, og ei dame snakkar i mobiltelefonen medan ho følgjer med på mannen. Foto.

Du kan lese fagstoff, sjå filmar og gjere oppgåver, men for å meistre førstehjelp må du ha praktisk øving med jamne mellomrom. Det kan vere hjarte- og lungeredning, stans av blødingar eller hva du skal gjere viss nokon har sett fast ein matbit i halsen eller vore i ei ulykke.

Det kan også vere behov for emosjonell førstehjelp etter ulike hendingar. Menneske reagerer ulikt, og som førstehjelpar kan det hende du får ei rolle der du skal ta vare på nokon som er i akutt krise eller sorg på ein ulykkesstad der redningspersonell har teke over.

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.07.2020