Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein modell som viser trådlaus kommunikasjon

Lag ein modell som viser korleis signal blir overførte når vi kommuniserer trådlaust. Lag ein fysisk modell, eller bruk digitale verktøy.
Jente sit i sofa på kaffibar med PC og øyreproppar. Sirklar viser signal mellom PC, øyreproppar og trådlaus ruter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Lag ei framstilling av kva som skjer frå den augneblinken du sender ei tekstmelding, til ein person på ein heilt annan stad får meldinga. Framstillinga skal vise prinsippa ved trådlaus kommunikasjon på ein slik måte at ein person som ikkje kan noko særleg om emnet, har utbytte av ho.

Oppgåve

  1. Set dykk inn i korleis trådlaus kommunikasjon går føre seg. Lag ei skjematisk oversikt som viser ulike delar/komponentar og korleis desse inngår i prosessen.
  2. Diskuter: Kva element må vere med for at framstillinga skal bli riktig?

Vel ein metode for framstillinga

Fysisk modell i klasserommet

Bygg ein modell i stor eller liten skala. De kan lage dei ulike komponentane slik at dei liknar på komponentane i verkelegheita, eller bruke gjenstandar de har i klasserommet. Ein stol med ein plakat påskrive «sendar» kan til dømes førestille ein sendar. Lag ei oversikt over kva de skal modellere, og kva de treng for å lage modellen:

Kva skal modellen førestille?

Kva skal vi bruke som modell?

sendar eller mobilmast

stol med plakat påskrive «sendar»

kabel frå sendar til server

Rollespel

Ulike komponentar i prosessen med trådlaus kommunikasjon kan vere dei ulike rollene, til dømes:

  • sendar
  • radiosignal
  • mobilsendar/mobilmast
  • kabel
  • server
  • kontrollar
  • mottakar

Bruk plakatar for å få fram kva dei ulike rollene skal førestille, eller lat komponentane få replikkar.

Animasjon

Bruk animasjonsverktøyet i PowerPoint til å lage ein enkel animasjon. På sida Lag ein animasjon av ei varmepumpe finn de tips til korleis de kan lage ein animasjon ved hjelp av PowerPoint.

Stop motion

Lag ein kort stop motion-film som viser kva som skjer når ein person sender ei melding til ein annan person. På sida Stop motion med organiske stoff finn de beskrivingar av korleis de kan lage stop motion-filmar.

Presenter

Vis fram resultatet til dei andre i klassen. Still ut modellar på skulebiblioteket, og del det de har laga, på infoskjermane til skulen og via sosiale medium.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020

Læringsressursar

Trådlaus kommunikasjon