Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike frekvensar til ulik bruk

Mykje av kommunikasjonsteknologien vår er avhengig av radiobølgjer. Skal vi kommunisere over store avstandar, må vi passe på at frekvensen ikkje allereie er i bruk av andre. Vi må òg vere klar over at ei radiosending kan fangast opp av andre enn dei vi ønskjer, dersom bølgjelengda er lang nok.
Skjermdump frå film om radiosignal. Jente står med mobil i eit bymiljø, og det går animerte signal frå mobilen til basestasjonen på toppen av ein bygning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bølgjelengder og frekvensar – streng regulering

Talet på frekvensar ein kan sende ut radiobølgjer på, er avgrensa. Derfor er bruken strengt regulert. Dersom du skulle ønskje å starte opp lokalradio, treng du både konsesjon frå Medietilsynet og frekvensløyve frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Ulike offentlege etatar, som politi og brannvesen, har eigne frekvensar, mens flytrafikk og kystradio har fått tildelt andre. Teleselskap får konsesjonar på frekvensar som er sette av til mobiltrafikk og Wi-Fi.

Avstanden avgjer kva frekvens vi bruker

Moderne teknologi bruker i stadig større grad radiobølgjer med høgare frekvens og kortare bølgjelengd. Det må då vere kort avstand mellom sendar og mottakar. Når avstandane er lengre, må frekvensen vere lågare og bølgjelengda lengre.

Radio og mobiltelefon sender ut bølgjer med ulik frekvens og bølgjelengd. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein samtale med mobiltelefonen

For at du skal kunne ringje eller surfe med mobiltelefonen, må du vere så nær ein basestasjon at telefonen din kan få signal frå han. Du må med andre ord ha dekning. Basestasjonane er kopla opp mot kontrollarar (hub/svitsj), som igjen er kopla opp mot ein server. Serverane blir kopla saman til eit mobilnettverk.

Illustrasjon av korleis radiosignal blir overførte frå sendaren sin mobil, til sendaren sin basestasjon, via kontrollarar og serverar, til mottakaren sin basestasjon og til mottakaren sin mobil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mobiltelefonen din fungerer som både radiosendar og radiomottakar. Når du snakkar inn i mikrofonen, blir lydbølgjene gjorde om til elektriske signal som blir forma og gjorde om til datapakker. Datapakkene blir så sende frå telefonen med radiobølgjer. Desse blir sende til næraste basestasjon, og deretter går signalet via nettverk og serverar til basestasjonen som er nærast mottakaren sin telefon. Her blir signalet igjen gjort om til eit radiosignal som blir sendt til mobiltelefonen. Ein samtale med naboen kan ha reist ganske langt for å nå fram til den andre sida av veggen.

CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 06.08.2020

Læringsressursar

Trådlaus kommunikasjon