Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kor mykje mobilstråling blir du utsett for?

Bruk eit interaktivt kart, og finn ut kor mykje stråling du blir utsett for frå mobilsendarar rundt deg.
Skjermbilete frå nettstaden finnsenderen.no som viser kor mykje stråling du blir utsett for dersom du er på den staden som er markert i eit kart, i dømet 0,27 promille av øvste grenseverdi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I desse oppgåvene skal du bruke strålingskalkulatoren i det interaktive kartet frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Oppgåve 1. Kor mykje stråling blir du utsett for akkurat no?

Skjermbilete frå nettside som viser kor mykje stråling ein blir utsett for på eit bestemd stad, og kor stor del dette utgjer av tilrådde grenseverdiar. Illustrasjon.

Finn ut kvar du er i kartet akkurat no. Høgreklikk for å setje markøren på denne staden.

  1. Noter verdien du får opp i sirkelen.

  2. Verdien seier kor stor del stråling du blir utsett for på den valde plasseringa, samanlikna med grenseverdien som er sett. Kor mange gonger meir stråling må du utsetjast for for å nå grenseverdien?

  3. Bruk avanserte innstillingar, og gjennomfør målingar i ulike høgder. Bruk verdiane du finn, til å lage ei grafisk framstilling som viser samanhengen mellom mengda stråling du blir eksponert for, og høgde over bakken. Forklar resultata.

  4. Verdien du får oppgitt i kartet, er teoretisk. Reelle målingar som blir gjennomførte ute, kan derfor avvike ein del frå desse. Kva faktorar kan påverke styrken på signala som blir sende ut?

Oppgåve 2. Lag ei landsoversikt

Gjennomfør målinger og lag oversikter som viser stråling i ulike

  • delar av landet

  • typar område (til dømes storby, tettstad, bygd og villmark)

  • høgder over bakken

Kva kan du gjere for å få resultat som er mest mogleg representative for det området du undersøker?

Oppgåve 3. Norges mest strålande stad

  1. Finn den staden i Noreg der ein blir utsett for mest stråling. Kor mange gonger meir stråling blir dei som bur her, utsette for, samanlikna med den staden der du bur? Bør dei som bur på denne staden, bli bekymra for negative helseeffektar på grunn av strålinga frå mobilsendarane? Forklar.

  2. Ut frå det du har funne ut, kan du seie noko om kva som påverkar kor mykje stråling du blir utsett for?

Oppgåve 4. Effektteittleik og grenseverdiar

  1. Kva siktar ein til med "effekt"? Kva er effektteittleik?

  2. Bruk den oppgitte verdien for effekttettleik og talet på promille til å rekne ut øvste grenseverdi for eksponering for stråling som er tilrådd av Statens strålevern.

  3. Samanlikn med grenseverdiane i tabellen under. Kva finn du ut?

  4. Ta utgangspunkt i at denne energien kjem frå ein enkelt mobilsendar. Kor mange sendarar av same type må til for at verdiane skal komme over dei tilrådde grenseverdiane?

  5. Finn effekttettleiken til andre typar stråling, og samanlikn. Kva trur du dette seier om effekten av stråling frå mobilsendarar på oss menneske?
Grenseverdiar for stråling

Frekvensområde

Grenseverdi (Wm2)

for yrkeseksponerte

Grenseverdi (Wm2)

for befolkninga generelt

10–400 MHz

10

2

400–2 000 MHz

10–50

frekvens/200

2–300 GHz

50

10

Kjelde

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet. (2020, 16. mars). Elektromagnetisk stråling. https://www.nkom.no/fysiske-nett-og-infrastruktur/elektromagnetisk-straling#grenseverdiar

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2023

Læringsressursar

Trådlaus kommunikasjon