Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummerande oppgåver – trådlaus kommunikasjon

Løys oppsummerande oppgåver om trådlaus kommunikasjon.
Ei mobilmast som sender ut signal i to retningar i eit bymiljø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Dra og slepp bileta til rett omgrep

Oppgåve 2. Vel den påstanden som er rett

Oppgåve 3. Øvingsoppgåver

  1. Gi døme på kva vi bruker trådlaus kommunikasjon til i kvardagen.
  2. Kva slags type stråling er radiobølgjer?
  3. Samanlikn bølgjelengd og frekvens hos radiobølgjer med andre typar EM-stråling.
  4. Kva bruksområde eignar radiobølgjer seg til?
  5. Forklar kva vi meiner med bølgjelengd og frekvens.
  6. Kva er samanhengen mellom frekvens og bølgjelengd?
  7. Korleis kan vi overføre informasjon ved hjelp av radiosignal?
  8. Kva er AM og FM? Kvifor er det vanlegare å bruke FM enn AM?
  9. Gi døme på ulike antennedesign. Kva fordelar og ulemper har dei ulike antennedesigna?
  10. Kvifor reknar vi med at radiobølgjer ikkje er helsefarlege?
  11. Kva kan vere problemet med bruk av radiobølgjer?
  12. Kvifor kan ein ikkje sende signal på den frekvensen ein sjølv vil?
  13. Gi nokre døme på bruk av radiosignal i ulike frekvensområde.
  14. Kvifor har radiobølgjene frå den trådlause ruteren heime kortare bølgjelengd og høgare frekvens enn signal som blir brukte til DAB-radio?

Oppgåve 4. Skriv ein kort tekst

Skriv ein kort tekst om trådlaus kommunikasjon, der du bruker så mange av orda frå oppgåve 1 som mogleg.

Oppgåve 5. Tekstmelding til læraren 😁

Ikona viser korleis radiosignal blir overførte frå ein mobil til ein annan: frå sendar til basestasjon, til kontrollarar og serverar, til ein ny basestasjon og endeleg til mottakaren. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du sender ei tekstmelding til læraren din. Ta utgangspunkt i figuren, og forklar kva som skjer frå den augneblinken du trykkjer «send», og til meldinga blir motteken.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020

Læringsressursar

Trådlaus kommunikasjon