Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn mobilsendarar

Finn mobilsendarar i nærleiken av der du er, og undersøk eigenskapane dei har.
Foto av mobilantenne i bymiljø med bølgeillustrasjon av signal som blir sende i to retningar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Leit etter mobilsendarar

  1. Gå ut og leit etter mobilsendarar. Når de finn ein sendar, markerer de plasseringa i eit kart.

  2. Ta bilete av sendarane. Forsøk å finne ut kva delar sendaren består av. Til dømes kva slags type sendar det er: Er det ei retningsantenne (direksjonell antenne) eller ei rundtstrålande antenne (omnidireksjonell antenne)?
  3. Beskriv plasseringa av sendaren. Er han til dømes plassert i toppen av ei mast eller på ein bygning?
Mobilsendar som ser ut som ein palme med brun stolpe som stamme og grøne blad i toppen. Det elektroniske utstyret er óg måla brunt eller grønt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2. Undersøk sendarane de fann

Bruk det interaktive kartet frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

  1. Plasser markøren på same stad på kartet som ein av mobilsendaren de fann i oppgåve 1. Gjennomføre målingar etter kvart som du aukar avstanden til sendaren. Kva finn de ut?

  2. Ta utgangspunkt i den staden der du er akkurat no. Kor mange bølgetoppar vil det vere mellom mobilen din og sendaren i a) viss det blir sendt ut stråling med ein frekvens på 800 MHz?

Du kan rekne ut bølgelengda til stråling ved å bruke følgande samanheng:

bølgelengde (λ)=lyshastigheita (c)frekvens (f)

Lysfarten er 300 000 kms.

  1. Kvifor blir det nytta ulike frekvensar til å overføre signal?
  2. Tenk deg at du sender ei melding til deg sjølv eller til ein person som er på same stad som deg. Korleis vil mobilsignalet gå? Vis i kartet og forklar.
  3. Tenk deg at du sender ei melding til ein venn som er langt unna. Lag eit kart som viser korleis signalet blir overført frå telefonen din og heilt fram til vennen din. Kvifor kan ikkje signalet berre gå rett frå telefonen din og direkte til telefonen til mottakaren?

Oppgåve 3. Dekning

Bruk dekningskarta til dei ulike tilbydarane av mobilnett i Noreg:

Dekningsgrad

Arealdekning: del av det totale arealet som blir dekt av rekkevidda til alle sendarar

Befolkningsdekning: del av alle innbyggarar som blir dekte av rekkevidda til alle sendarar

  1. Finn ein stad med dårleg eller inga dekning.

    1. Bruk eit topografisk kart (til dømes norgeskart.no) og vurder kva som kan vere forklaringa på at det er dårleg dekning på denne staden.
    2. Kvifor kan det vere dårleg dekning sjølv om du er innanfor rekkevidda til ein sendar?
    3. Kva kan gjerast for å få betre dekning på denne staden?
  2. Kvifor har vi ikkje 100 prosent dekning i Noreg?

  3. Finn argument for kvifor det ikkje er ønskeleg med 100 prosent dekning i Noreg.
  4. Kva type mobilnett er vanlegast i Noreg?
  5. Kommenter utbreiinga av 5G-nett i Noreg i dag. Finn ut kva planar som ligg føre for utbygging av 5G-nettet.
  6. Tenk deg at du bur i eit område der det skal setjast opp ein 5G-sendar. Naboane dine er bekymra for at stråling frå sendaren vil vere helsefarleg. Bruk det du kan om eigenskapane til elektromagnetisk stråling, til å overtyde naboane dine om at dei ikkje treng å bekymre seg.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2023

Læringsressursar

Trådlaus kommunikasjon