Hopp til innhald

Fagstoff

Ioniserande stråling

Ordet stråling gjer at mange får negative assosiasjonar til til dømes stråleskadar og kreft. Samtidig nyt vi både solstrålar og strålevarmen frå vedovnen utan å bekymre oss. Det er behov for å skilje stråling som kan skade oss – ioniserande stråling – frå stråling som vanlegvis ikkje gjer det.
Teikning av ein DNA-streng som blir øydelagt av stråling. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ioniserande stråling?

Atom med tre elektron, kor eit elektron blir treft av stråling og blir slått ut av energibanen sin. Illustrasjon.

Stråling er ioniserande når ho har nok energi til å rive laus elektron frå atom eller molekyl. Då får vi danna elektrisk ladde ion som er mykje meir reaktive enn dei opphavlege partiklane. Dette kan ha store konsekvensar for biologisk materiale, til dømes kan DNA-et i cellene bli skadt og forårsake kreft. Derfor er det svært viktig at vi skjermar oss for ioniserande stråling.

Grensa for kva strålingsenergi som er ioniserande er ikkje skarp sidan ionisasjonsenergien varierer med kva atom eller molekyl vi ser på. Det vi kan seie, er at og røntgen- og gammastråling alltid er ioniserande, mens og er meir i grenseland.

Forsking har vist at UV-B og UV-A kan forårsake skade i biologisk materiale utan å ionisere. Derfor blir heile UV-området inkludert i stråling som vi må verne oss mot.

Radioaktiv alfa- og betastråling er svært energirik og er alltid ioniserande.

Korleis kan vi skjerme oss mot ioniserande stråling?

Ultrafiolett stråling

UV-A går nesten uforstyrra gjennom atmosfæren, UV-B blir kraftig redusert, mens UV-C blir stoppa i ionosfæren. Illustrasjon.

Her har du sikkert erfaringar sjølv. Solkrem med UV-filter stoppar effektivt både UV-A og UV-B i strålinga frå sola. UV-C treng vi ikkje å bekymre oss for sidan omtrent alt av denne strålinga blir stansa av ozonlaget i atmosfæren rundt jorda. Dette gjeld òg meir energirik stråling frå verdsrommet som treffer jorda sin atmosfære.



Røntgenstråling

Eit barn tek røntgenbilete hos tannlegen. Foto.

Viss du tek røntgenbilete, til dømes hos tannlegen, blir du utsett for røntgenstråling. Då blir delar av kroppen som det ikkje skal takast bilete av dekt med ei kappe av bly. Bly absorberer røntgenstrålane slik at du får minst mogleg stråling.

Radioaktiv stråling

Radongass frå grunnen lek opp gjennom golvet i huset. Teikning.

Det er ikkje berre elektromagnetisk stråling som kan vere ioniserande. Partikkelstråling, som til dømes radioaktiv alfa- og betastråling, er svært energirik og er alltid ioniserande.

Kva som skal til for å stoppe radioaktiv stråling, varierer med stråletypen. Både alfa- og betastråling blir gradvis bremsa ved at dei kolliderer med partiklar dei møter på vegen.

Alfastråling er størst, kolliderer raskt med mange partiklar og blir bremsa raskt ned. Det skjer i løpet av nokon centimeter i luft og nokre mikrometer viss alfastrålinga møter hud. Derfor vil ho ikkje trengje gjennom huda di. Sidan alfastrålinga inneheld mykje energi, vil ho gjere stor skade dersom ho likevel kjem inn i kroppen, som til dømes inn i lungene som radongass. Ventilasjon og tetting av kjellarmurar er mellom tiltaka som kan hindre radongass i å trengje inn i huset frå grunnen.

Figuren viser kor langt inn i menneskekroppen dei ulike strålingstypane når. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betastråling kan gå fleire meter i luft, men blir stoppa av eit tynt blylag. Sjølv om ho har høgare gjennomtrengingsevne enn alfastråling, inneheld ho mykje mindre energi og gjer mindre skade på biologisk materiale.

Gammastråling er den stråletypen som er vanskelegast å stoppe. Gammastrålinga vil gå lett gjennom kroppen din og blir ikkje bremsa ned raskt sånn som alfa- og betastråling. Gammastråling vekselverkar på ulike måtar med partiklar ho møter. Det betyr at ein ikkje kan setje ei fast grense for rekkjevidda. Eit koparlag på 1,3 centimeter stoppar halvparten av strålinga, og eit nytt lag på 1,3 centimeter stoppar halvparten av det igjen.

Tenk gjennom

  • Kva typar strålar blir du utsett for til dagleg?
  • Kva kjelder til stråling er mest vanleg i området der du bur?
  • Etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 fekk store delar av Noreg radioaktiv forureining bringa med vêr og vind. Sjå kartet på Miljøstatus som viser strålemengda gjennom 40 år. Kva konsekvensar fekk denne ulykka for området der du bur eller for heile landet?
Illustrasjon som viser at alfa-, beta-, nøytron- og gammastråling har ulik grad av gjennomtrengingsevne. Alfastråling har minst gjennomtrengingsevne, gammastrålar har størst gjennomtrengingsevne og trengjer igjennom papir, hud, metall, vatn, betong og bly. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Astrid Johansen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2020

Læringsressursar

Elektromagnetisk og ioniserande stråling