Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øvingsoppgåver – ioniserande stråling

Oppgåver om radioaktivitet og ioniserande stråling som krev at du søkjer fakta og bearbeider stoffet.
Graf som viser korleis talet på radiumatom avtar med tida. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva skjer med atomnummeret og nukleontalet til eit radioaktivt grunnstoff som sender ut:

    • ein alfapartikkel?
    • ein betapartikkel?
  2. Korleis blir:

    • protontalet og
    • nøytrontalet

    til ein kjerne endra når kjernen sender ut ein alfapartikkel?

  3. Korleis blir:

    • protontalet og
    • nøytrontalet

    til ein kjerne endra når kjernen sender ut ein betapartikkel?

  4. Forklar kva for ein av kjernereaksjonane som er α-stråling, og kva for ein som er β-stråling.

    1. 90234 Th 91234Pa  
    2. 84210 Po 82206Pb
  5. Når ein radiumkjerne sender ut ein alfapartikkel, får vi denne reaksjonslikninga:  88226Ra   86222Rn + H24e

    • Forklar kva tala står for.
    • Kor mange nøytron er det til saman i kjernane før og etter reaksjonen?
    • Kva er det som blir bevart under reaksjonen?
    • Kva vil det seie at halveringstida for radium er 1600 år?
    • Kor lang tid går det før eit metallstykke på 2 g radium inneheld berre 1 g radium, mens resten av metallstykket er gjord om til andre grunnstoff?
    • Kor mange år går det før eit metallstykke på 2 g radium inneheld berre 0,25 g radium?
  6. Vi måler strålinga frå eit radioaktivt stoff med ein geigerteljar.

    t/min

    1

    2

    3

    4

    5

    6

    7

    8

    9

    10

    11

    12

    13

    N

    158

    126

    100

    79

    63

    50

    39

    31

    25

    20

    16

    13

    10

    Tabellen viser korleis tikkinga per sekund (N) i geigerteljaren minkar med tida. Teikn grafen med N som funksjon av tida t og finn halveringstida for det radioaktive stoffet.

  7. Kva har skjedd med radiumet som opphavleg var her på jorda?

    • Kor lang tid vil det gå før alt uranet er borte?
    • Kvifor er det heliumgass i gruver med uranhaldige mineral?
CC BY-NC-SASkrive av Nils H. Fløttre og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020

Læringsressursar

Elektromagnetisk og ioniserande stråling