Hopp til innhald

Fagstoff

Elektromagnetiske bølgjer

At synleg lys består av lys med ulike fargar og bølgjelengder, er vi godt kjende med. Men at radiobølgjer og gammastråling i botn og grunn tilhøyrer same bølgjefamilie, er ikkje like opplagt. Dette føresa James Maxwell ut frå likningane sine i 1865. Ettertida viste at han hadde rett.
Kvitt lys blir brote i alle regnbogens fargar gjennom eit glasprisme. Raudt lys blir minst brote og fiolett mest. Animasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er elektromagnetiske bølgjer, og korleis oppstår dei?

Viss du gnir ein ballong mot håret ditt, veit du at han blir elektrisk. Viss du held ballongen mot underarmen din, kjenner du at det er noko der, sjølv om du ikkje er borti ballongen. Då merkar du det fysikarar kallar det elektriske feltet rundt ballongen. Dersom du rører på ballongen, rører du òg dette feltet, og desse forstyrringane breier seg ut i rommet som elektromagnetiske bølgjer.

I denne simuleringa kan du sjå korleis ballongen får det elektriske feltet til å endre seg:

Eigenskapar til elektromagnetiske bølgjer

Når så ulike fenomen som gammastråling, synleg lys og radiobølgjer blir plasserte i same «familie», er det fordi dei har viktige felles eigenskapar.

  • Elektromagnetiske bølgjer kan gå gjennom tomt rom (vakuum). Dette skil elektromagnetiske bølgjer frå andre bølgjer, som lyd og bølgjer på vatn. Dei må ha noko å forplante seg i.
  • Alle elektromagnetiske bølgjer har same fare, lysfarten, i tomt rom. Lysfarten har symbol c og er 300 000 km/s i tomt rom og luft. Men dersom elektromagnetiske bølgjer går i eit anna stoff, er ikkje farten den same for alle bølgjelengder.
  • Energien i elektromagnetiske bølgjer aukar med proporsjonalt med frekvensen. Dvs. at energien = konstant · frekvensen, og dermed veit vi at strålinga som har høgast frekvens (eller kortast bølgjelengde), er mest energirik.

Her ser du kva det elektromagnetiske spekteret består av og kva bølgjelengder dei ulike delane har.

Samanheng mellom frekvens og bølgjelengde for EM-bølgjer

Som du kanskje hugsar, er samanhengen mellom frekvens, bølgjelengde og fare slik   v=λ·f , der v er fare, λ er bølgjelengda og f er frekvensen.

Sidan farten til dei elektromagnetiske bølgjene er c, får vi at   c=λ·f

Sidan c er konstant, kan vi no enkelt veksle mellom frekvens og bølgjelengde   λ=cf og   f=cλ

Rekneeksempel

Oransje lys kan ha ei bølgjelengde på 600 NM i luft. Kva frekvens vil det ha? Først må du sørgje for at alle tal er skrivne som 10-potensar.

Her har vi at

  • bølgjelengda er λ = 600 · 10⁻⁹ m = 6,00 · 10⁻⁷ m
  • bølgjefarten er lysfarten c = 3,00 · 10⁸ m/s

Vi skal finne frekvensen, og dermed får vi

  f=cλ=3,00·108m/s6,00·10-7m

Dette kan du sjølvsagt trykkje rett inn i ein kalkulator for å få svaret. Men erfaring viser at det veldig lett oppstår feil med denne typen reknestykke på kalkulatoren. Derfor er det veldig lurt å bruke det du har lært om potensrekning og rekne ut 10-potensen for seg, som vi viser her:

  f=3,00·108m/s6,00·10-7m=3,006,00·108-(-7)s-1

  f=0,500·1015Hz=5,00·1014Hz

Merk deg

  • Potensregel: Eksponenten i nemnaren må trekkjast frå eksponenten i teljaren.
  • Rekning med einingar:   m/sm=ms·m=1s=s-1=1Hz
  • Samanhengen mellom eksponenten og talet framfor 10-potensen  0,500·1015=5,00·1014
CC BY-SASkrive av Astrid Johnsen.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2020

Læringsressursar

Elektromagnetisk og ioniserande stråling