Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Høyr deg sjølv – ioniserande stråling

Desse oppgåvene er tenkte som repetisjon og eigna til å teste kva du har lært om ioniserande stråling. Du finn forslag til fasit nedst på sida.
Pierre og Marie Curie i eit laboratorium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva vil det seie at eit grunnstoff er radioaktivt?
  2. Kvar i periodesystemet finn vi dei naturleg radioaktive grunnstoffa?
  3. Kva skjer med strålane frå eit radioaktivt stoff som blir sendt gjennom eit elektrisk felt?
  4. Kva slags stråling kjem det frå radioaktive stoff?
  5. Kva vil det seie at stråling er ioniserande?
  6. Korleis forklarer vi at det kjem elektron frå ein radioaktiv atomkjerne?
  7. Korleis kan vi ved forsøk vise at alfa-, beta- og gammastrålane har ulik gjennomtrengingsevne?
  8. Kva meiner vi med halveringstid for eit radioaktivt stoff?
Løysingsforslag – ioniserande stråling
  1. At eit grunnstoff er radioaktivt, vil seie at det har ustabile atom som sender ut stråling, anten som partiklar eller som elektromagnetisk stråling.
  2. Dei radioaktive grunnstoffa står nedst i det periodiske systemet. Alle grunnstoff frå polonium (nr. 84) og utover er radioaktive.
  3. Det kjem an på kva type stråling det er snakk om: alfa, beta eller gamma. Til dømes blir positive alfapartiklar trekte mot negativ ladning.
  4. Alfapartiklar består av ein kjerne med to nøytron og to proton, betastråling er elektron. Røntgen- og gammastråling er foton. Det er gammastråling som er mest energirik av desse.
  5. Ioniserande stråling kan slå laus elektron frå atom dei treffer. Eit atom som får færre elektron enn det er proton i kjernen, blir eit ion.
  6. Når nøytron i kjernen eksploderer, kvittar dei seg med eit (negativt) elektron, og det blir danna eit (positivt) proton.
  7. Viss vi har alfa- og betastrålingskjelder og ein geigerteljar, kan vi ved å teste med ulike materiale sjå kor mykje som skal til for å stoppe strålinga.
  8. Halveringstida er den tida det tek før halvparten av massen (talet på atom) av eit radioaktivt stoff er omdanna til eit anna grunnstoff.
CC BY-NC-SASkrive av Nils H. Fløttre og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2020

Læringsressursar

Elektromagnetisk og ioniserande stråling