Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Flammefargar

Lag eit flott fargeshow ved å brenne salt med metallion som gir karakteristiske fargar.

Flammefargar

Skildring av filmen

Flammeprøvar med tre ulike stoff. Frå tre begerglas stig det flammar. I det første begeret er det ein liten, grøn flamme, i det andre er det ein større, rosa-raud flamme, og i det siste begeret er det ein stor, oransje flamme.

Hensikt

I dette forsøket skal du brenne løysningar av ulike salt for å få fram dei karakteristiske fargane til metalliona som inngår i salta. Denne metoden kan òg brukast når ein analyserer eit salt, for å finne ut kva metallion som inngår i saltet.

Utstyr

Framgangsmåte

Gjennomfør forsøket i eit avtrekksskap. Det er lettast å sjå flammefargane viss det er mørkt i rommet.

  1. Lag 0,1 % løysningar av dei ulike salta ved å vege inn 0,1 g stoff som blir løyst i 100 mL 70 % etanol.

  2. Tilset litt av løysningane i eit lite begerglas eller i ei keramikkskål.

  3. Tenn på løysningane med ein lang fyrstikk.

Risikovurdering

Tabellen viser eit utdrag av moment for dei ulike stoffa. Les datablada for dei enkelte stoffa for detaljert informasjon om bruk, verntiltak og avfallshandtering.

Risikomoment ved stoffa i forsøket

stoff

faresetningar

piktogram

avfallshandtering

koparklorid

Farleg ved svelging eller hudkontakt. Irriterer huda.
Gir alvorleg augeskade.
Særs giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn.

Faresymbol for kjemikal som er brannfarlege. Piktogrammet viser ein flamme. Illustrasjon.
Faresymbol for helsefarlege kjemikal. Piktogrammet viser eit utropsteikn. Illustrasjon.
Faresymbol for kjemikal som er giftige for vassmiljøet. Piktogrammet viser ein død fisk. Illustrasjon.
Blir behandla som farleg avfall.
litiumklorid

Farleg ved svelging.
Irriterer huda.
Gir alvorleg augeirritasjon.

Faresymbol for helsefarlege kjemikal. Piktogrammet viser eit utropsteikn. Illustrasjon.
Blir behandla som farleg avfall.
strontiumkloridGir alvorleg augeskade.
Faresymbol for etsande kjemikal. Piktogrammet viser etsande kjemikal som renn ut av to reagensglas. Illustrasjon.
Blir behandla som farleg avfall.
etanol

Særs brannfarleg væske og damp.
Gir alvorleg augeirritasjon.

Faresymbol for kjemikal som er brannfarlege. Piktogrammet viser ein flamme. Illustrasjon.
Faresymbol for helsefarlege kjemikal. Piktogrammet viser eit utroptseikn. Illustrasjon.
Blir behandla som farleg avfall.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2023

Læringsressursar

Elektromagnetisk og ioniserande stråling