Hopp til innhald

Fagstoff

Bīngxīn

Portrett av Bing Xin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bīngxīn 冰心 (1900–1999) var ein av dei første kvinnelege forfattarane i det moderne Kina. Ho vaks opp i ei sterk brytingstid, der den tradisjonelle samfunnsordenen kollapsa då keisarriket til slutt fall i 1912.

Bīngxīn heitte eigentleg Xiè Wǎnyíng 谢婉莹, men som forfattar endra ho namn til Xiè Bīngxīn 谢冰心, eller berre Bīngxīn 冰心, som tyder «ishjarte». Familien var frå kystprovinsen Fujian i det søraustlege Kina. Sidan faren var marineoffiser, flytta familien mykje rundt.

Då den nasjonalpatriotiske Fjerde mai-rørsla blei starta i 1919, studerte ho ved universitetet Yànjīng 燕京 i Beijing og blei som mange andre unge på den tida prega av denne. Ho gav òg ut dei første litterære verka sine mens ho gjekk på universitetet. I 1923 fekk ho stipend til USA. Ho studerte ved Wellesley College og kom heim til Kina med ein mastergrad tre år seinare. Etter det følgde fleire år med litteraturstudium ved Yànjīng-universitetet.

I 1929 gifta ho seg med Wú Wénzǎo 吴文藻, ein av dei tidlegaste sosialantropologane i Kina. Under andre verdskrig oppheldt paret seg i Vest-Kina, som dei japanske okkupantane aldri klarte å erobre. Etter at krigen var slutt i 1945, blei mannen hennar utnemnd til rådgivar ved den kinesiske ambassaden i Tokyo. I 1949 seira dei kinesiske kommunistane i borgarkrigen mot nasjonalistane, og i 1951 forlét ekteparet Japan og vende tilbake til Kina.

I åra som følgde, var Bīngxīn kulturell ambassadør for det nye styret i Beijing og dreiv ei omfattande internasjonal reiseverksemd. Ho fekk òg fleire høge stillingar i kinesisk kulturliv og politikk.

Den litterære karrieren til Bīngxīn spenner over meir enn 70 år. Ho har utfolda seg i fleire sjangrar, mellom anna romanar, noveller, dikt, forteljingar og essays. Ho omsette òg utanlandsk litteratur, for eksempel den indiske poeten Rabindranath Tagore.

Novellene og forteljingane til Bīngxīn blir vanlegvis sett på som dei mest vellykka. 1920-åra var ein svært produktiv periode for ho. Ho skreiv derimot lite skjønnlitteratur etter at ho reiste tilbake til Kina i 1951.

Bīngxīn var ein av pionerane når det gjaldt å skrive på moderne kinesisk talespråk, og utmerkjer seg ved at ho tok opp tema som på den tida ikkje fekk mykje merksemd, mellom anna temaet barn og ungdom. Men ho var òg gjennomgåande oppteken av korleis dei sosiale og politiske endringane i Kina verka inn på kinesisk familieliv. Den måten ho går inn i familieforhold på, var ganske nyskapande for tidsepoken.

Forteljinga Dōng’er gǔniáng 冬儿 姑娘 – Vesle Dong’er – blei gitt ut i 1933. Skildringa av ei ressurssterk mor og ein fremmeleg ungdom med eit liv «på kanten» var ikkje kvardagskost i kinesisk litteratur på den tida. Historia er òg interessant med tanke på det forteljartekniske.

Bīngxīn 冰心 (1900–1999), Dōng’ér gǔniang 冬儿姑娘 – Vesle Dong’er – (siste linjer). Omsett av Elisabeth Eide i Harald Bøckman, red.: Kina forteller, Den norske bokklubben 1984, s. 377–82. Forteljing.

“谢谢您,您又给这许多钱,我先替冬儿谢谢您了。等办过了事,我再带他们来磕头。… 您自己也快好好的保养着,刚好别太劳动了,重复了可不是玩的!我走了,您,再见。”

Kinesisk tradisjonell

“謝謝您,您又給這許多錢,我先替冬兒謝謝您了。等辦過了事,我再帶他們來磕頭。… 您自己也快好好的保養著,剛好別太勞動了,重復了可不是玩的!我走了,您,再見。”

Vesle Dong'er

0:00
-0:00

Relatert innhald

Forfattarprofil av den kinesiske poeten Xī Chuān.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman. Rettshavar: Harald Bøckman
Sist fagleg oppdatert 05.07.2018

Læringsressursar

Litteratur i Kina