Hopp til innhald
Fagartikkel

Zhái Yǒngmíng

Zhái Yǒngmíng 翟永明 (f. 1955) er ein poet med ei tydeleg feministisk stemme. Stilen hennar blir karakterisert som intens, personleg og mørk, ofte med ein draumeaktig bevisstheitsstraum.

Ho slo igjennom på midten av 80-talet med diktsyklusen Nǚrén 女人 – Kvinne. Karakteristikkane hennar av tradisjonelle haldningar til kvinner er på ingen måte blitt svakare med åra. Samtidig hentar ho kritisk inspirasjon frå tradisjonell kinesisk kultur, særleg klassiske kvinnelege poetar.

I 1998 starta ho det uavhengige tidskriftet Chìbǎng 翅膀 – Vinger saman med poeten Zhōu Zàn 周瓒 for å gi eit løft til kvinnelege poetar. Tidsskriftet kjem framleis ut, no i nettbasert utgåve. Zhai arbeider i mange retningar. Ho er ein profilert essayist, har eksperimentert med dikt som installasjonar og er tonesetjande i kulturlivet i fødebyen Chéngdū 成都, der ho driv ein kulturbar.


Zhȧi Yǒngmíng 翟永明 (1955–), Guānyú chújì de yī cì bàogào 关于雏妓的一次报告 – Rapport om en barneprostituert. Andre og tredje strofe. Dikt.
Gjendikta av Harald Bøckman på: Norsk litteraturfestival

男人都喜欢这样的宝贝
宝贝也喜欢对着镜头的感觉

我看见的雏妓却不是这样
12岁 瘦小而且穿着肮脏
眼睛能装下一个世界
或者 根本已装不下哪怕一滴眼泪

Kinesisk tradisjonell

男人都喜歡這樣的寶貝
寶貝也喜歡對著鏡頭的感覺

我看見的雛妓卻不是這樣
12歲 瘦小而且穿著骯臟
眼睛能裝下一個世界
或者 根本已裝不下哪怕一滴眼淚

Rapport om en barneprostituert

0:00
-0:00
Lyd: Ole Fossgård / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Fagstoff
Xī Chuān

Forfattarprofil av den kinesiske poeten Xī Chuān.