Folkepoesi frå Det store spranget framover (1958–60) - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Folkepoesi frå Det store spranget framover (1958–60)

På slutten av 1950-talet, under perioden kalla Det store spranget framover, blei det produsert store mengder folkepoesi i Kina.

Det store spranget framover var ein massiv kampanje som det kinesiske kommunistpartiet sette i verk for å få ein rask auke i jordbruks- og industriproduksjonen i Kina. Resultatet var derimot katastrofalt, nemleg ein svoltkatastrofe der minst 30 millionar menneske døydde.

Også på kulturfronten blei det sett i gang ein stor poesikampanje for å beskrive kor fint og flott det nye livet ville bli. Det blei arrangert poesimøte der vanlege folk konkurrerte om å skildre det nye livet på best måte. Også her var «produksjonen» enorm. Berre i Sìchuán 四川-provinsen i Vest-Kina skal det ha blitt gitt ut fire tusen poesiantologiar.

Dei to dikta vi presenterer her, er eit eksempel på korleis enkel folkepoesi kan vere både forfriskande og rørande. I ettertid er denne kampanjen blitt kritisert for at han blei styrt av kulturbyråkratar, og for at dei òg hadde ei hand med i utforminga av poesien. Det kan godt hende det stemmer. I så fall knyter det an til visse former for tradisjonell kinesisk poesi, der det som framstår som folkepoesi, eigentleg var arbeidd på av profesjonelle poetar.

Den store poesikampanjen blei halden i første del av Det store spranget framover. Etter kvart fekk folk noko heilt anna å tenkje på enn å skrive poesi.


1. Frå Hóngqí gēyáo 红旗歌谣, Guō Mòruò 郭沫若 og Zhōu Yáng 周扬, red., Beǐjīng, 1959, s. 172.

2. Frå Jiāngsū dàyuèjìn mín’gē jí, dìyī jí 江蘇大躍進民歌集,第一集, Nǎnjīng 南京, 1958, s. 279.

1. 我来了

天上没有玉皇
地上没有龙王
我就是玉皇
我就是龙王
喝令三山无岳开道
我来了


2. 电线杆

山边栽的什么树?
电树!
开花不开花 ?
开花! 开在哪里?
开在各户各家!
什么时候开?
今晚就开啦!
开的什么花?
大红花!
大红花
开遍山洼洼!

Kinesisk tradisjonell

1. 我來了

天上沒有玉皇
地上沒有龍王
我就是玉皇
我就是龍王
喝令三山無岳開道
我來了


2. 電線杆
山邊栽的什麼樹?
電樹!
開花不開花 ?
開花!
開在哪裡?
開在各戶各家!
什麼時候開?
今晚就開啦!
開的什麼花?
大紅花!
大紅花
開遍山窪窪!

Her kommer jeg

0:00
-0:00
Lyd: Ole Fossgård / CC BY-SA 4.0

Strømstolpene

0:00
-0:00
Lyd: Ole Fossgård / CC BY-SA 4.0

Folkepoesien gjendikta


av Harald Bøckman

Her kjem eg!

Det finst ingen Jadekeisar i himmelen

Og heller ingen Drakekonge på jorda

Eg er Jadekeisaren!

Eg er Drakekongen!

Dykk tre heilage fjell og fem magiske tindar:

Gjer veg!

Her kjem eg!

Straumstolpane

Kva plantar dei langs fjellet?

Straumtre!

Ber dei blomster?

Ja, det gjer dei!

Kvar blomstrar dei, tru?

I alle hus og heimar!

Når blomstrar dei?

Det skjer i kveld!

Kva slags blomster har dei?

Store, raude blomster!

Store, raude blomster

fyller fjell og dal!

Relatert innhald

Fagstoff
Xī Chuān

Forfattarprofil av den kinesiske poeten Xī Chuān.

Fagstoff
Zhāng Xīnxīn

Forfattarprofil av den kinesiske forfattaren Zhāng Xīnxīn.

Skrive av Harald Bøckman. Rettshavar: Harald Bøckman
Sist fagleg oppdatert 05.07.2018