Zhái Yǒngmíng

Ho slo igjennom på midten av 80-talet med diktsyklusen Nǚrén 女人 – Kvinne. Karakteristikkane hennar av tradisjonelle haldningar til kvinner er på ingen måte blitt svakare med åra. Samtidig hentar ho kritisk inspirasjon frå tradisjonell kinesisk kultur, særleg klassiske kvinnelege poetar.
I 1998 starta ho det uavhengige tidskriftet Chìbǎng 翅膀 – Vinger – saman med poeten Zhōu Zàn 周瓒 for å gi eit løft til kvinnelege poetar. Tidsskriftet kjem framleis ut, no i nettbasert utgåve. Zhai arbeider i mange retningar. Ho er ein profilert essayist, har eksperimentert med dikt som installasjonar og er tonesetjande i kulturlivet i fødebyen Chéngdū 成都, der ho driv ein kulturbar.
Zhȧi Yǒngmíng 翟永明 (1955–), Guānyú chújì de yī cì bàogào 关于雏妓的一次报告 – Rapport om en barneprostituert. Andre og tredje strofe. Dikt.
Gjendikta av Harald Bøckman på: Norsk litteraturfestival
男人都喜欢这样的宝贝
宝贝也喜欢对着镜头的感觉
我看见的雏妓却不是这样
她12岁 瘦小而且穿着肮脏
眼睛能装下一个世界
或者 根本已装不下哪怕一滴眼泪
Rapport om en barneprostituert
Relatert innhald
Forfattarprofil av den kinesiske poeten Xī Chuān.
Her presenterer vi folkepoesi frå Det store spranget framover, ein periode då det blei produsert store mengder dikt.