Xī Chuān - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Xī Chuān

Xī Chuān 西川 (f. 1963) er ein av dei mest tonesetjande poetane i Kina. I poesien sin skriv han seg gjennom denne verda – både den kinesiske og den internasjonale – som ein kritisk montasjearbeidar.

Erfaringa hans frå utlandet har han fått både gjennom kunnskap om vestleg litteratur og som innbydd opplesar. Enkelte gonger tek dikta hans form av eit burlesk kunstkammer.

Han skriv ofte prosadikt og kan ta breie sveip tilbake i kinesisk tradisjon, utan at det blir sentimental jamring. Undringa er kjennemerket hans, ikkje som postmoderne distanse eller ironi, men som ei særeigen form for oppfatning av verkelegheita.

Xi Chuan er omsett til fleire språk. Det mest representative utvalet er Notes on the Mosquito, meisterleg gjendikta av Lucas Klein. Xi Chuan er professor i litteratur ved kunsthøgskulen i Beijing og har elles omsett/gjendikta Pound, Borges, Milosz, Snyder og Olav H. Hauge til kinesisk.


Xī Chuān 西川 (1963–), Lián yīn yǔ 连阴雨», Gråvær, første linjer. Dikt.
Gjendikta av Harald Bøckman på: Norsk litteraturfestival

连阴雨

不是长头发 - 是长毛 - 是石头上长毛 是面包上长毛
是连阴雨
是连阴雨让 衣服长毛 心灵长毛 - 这是衰朽的内驱力

让木头长出蘑菇 让口腔长出溃疡 - 同一种力量 让爱长毛 - 爱 不是需要毛 吗?
让抒情长毛 - 这才能显现出不长毛的抒情 - 中老年的抒情

Kinesisk tradisjonell

連陰雨

不是長頭發 - 是長毛 - 是石頭上長毛 是面包上長毛
是連陰雨
是連陰雨讓 衣服長毛 心靈長毛 - 這是衰朽的內驅力

讓木頭長出蘑菇 讓口腔長出潰瘍 - 同一種力量 讓愛長毛 - 愛 不是需要毛 嗎?
讓抒情長毛 - 這才能顯現出不長毛的抒情 - 中老年的抒情

Gråvær

0:00
-0:00
Lyd: Ole Fossgård / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Fagstoff
Zhāng Xīnxīn

Forfattarprofil av den kinesiske forfattaren Zhāng Xīnxīn.

Skrive av Harald Bøckman. Rettshavar: Harald Bøckman
Sist fagleg oppdatert 25.05.2018