Hopp til innhald

Fagstoff

Zhào Shùlǐ

Zhào Shùlǐ 赵树理
Portrett av Zhao Shuli. Foto.

(1907–1970) blei fødd i fjellprovinsen Shānxī 山西 i Nord-Kina. Han blei medlem av kommunistpartiet i 1937.

Den litterære verksemda til Zhao blei prega både av den personlege bakgrunnen hans og det faktumet at Máo Zédōng 毛泽东 frå basen i den nordlege delen av naboprovinsen Shǎnxī 陕西 i 1942 lanserte ganske strenge retningslinjer for kva som skulle reknast som god litteratur. Han skulle først og fremst vere oppbyggeleg og mobiliserande, men måtte òg vere formmessig god.

Zhào Shùlǐ blir rekna som den som best klarte å overkomme desse strenge krava. Dette gjorde han særleg ved å ha ei språkføring som reflekterte det frodige folkelege språket på den kinesiske landsbygda i Nord-Kina. Området var på den tida prega av den nådelause japanske okkupasjonen og av kommunistane sin motstand, som tok form av geriljakrig.

Lǐ Yǒucái bǎn huà 李有才板话 – Li Youcai sine regler – kom ut i 1943 og blir rekna som det mest kjente verket hans.

Etter 1949 blei Zhào ein del av den nye kultureliten og var både med i leiinga i den kinesiske forfattarunionen og redaktør for fleire sentrale tidsskrift. I tillegg blei han peikt ut som representant til styringsorgana i landet på 50- og 60-talet. Men slike som han levde farleg. Han blei forfølgd under kulturrevolusjonen og døydde i 1970.

Zhào Shùlǐ 赵树理 (1907–1970). Frå Lǐ Yǒucái bǎn huà 李有才板话 – Li Youcai sine regler – (1943). Forteljing.

正月二十五,打倒一只虎
到了二十六,老虎更吃苦
大家提意见,尾巴藏不住
咕咚按倒地,打个背绑兔
家祥干映眼,恒元屙一裤
大家哈哈笑,心里满舒服。

Kinesisk tradisjonell

正月二十五,打倒一隻虎
到了二十六,老虎更吃苦
大家提意見,尾巴藏不住
咕咚按倒地,打個背綁兔
家祥干映眼,恆元屙一褲
大家哈哈笑,心裡滿舒服。

Li Youcais regler

0:00
-0:00

Relatert innhald

Forfattarprofil av den kinesiske poeten Xī Chuān.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 05.07.2018

Læringsressursar

Litteratur i Kina