Litteratur i Kina – studiespørsmål - Kinesisk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Litteratur i Kina – studiespørsmål

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Litteratur i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel. Diskuter i klassen.

  1. Folk flest i Vesten er ikkje klar over kor viktig den litterære tradisjonen er for kinesarar. Men bryr unge kinesarar seg om det i dag? Finn eksempel på nettet.
  2. Kvifor mista kinesisk poesi den høge statusen som han tradisjonelt hadde hatt?
  3. I våre dagar er kinesisk litteratur i ferd med å bli kosmopolitisk. I USA har for eksempel fleire kinesiske forfattarar hatt suksess med å skrive på engelsk. Men nokre av dei er òg amerikanarar av kinesisk avstamming. Finn fram til nokre av desse.

Relatert innhald

Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 29.07.2017