Hopp til innhald

Fagstoff

Xiāo Hóng

Xiāo Hóng 萧红

(1911–1942), pseudonym for Zhāng Nàiyíng 张乃莹, blei fødd i ein velståande familie i Hūlán 呼兰-fylket i Heīlóngjiāng 黑龙江-provinsen heilt nordaust i Kina.

Portret av Xiao Hong. Foto.

Ho stakk tidleg heimefrå. Åleine og gravid var ho nær ved å bli seld til eit bordell i den nordaustlege byen Harbin (Hāěrbīn) 哈尔滨. Der kom ho i kontakt med utgivaren og forfattaren Liú Hónglín 刘鸿霖, som var av mandsju-herkomst.

Dei slo seg etter kvart saman og valde seg òg forfattarnamn som blei eit ordspel når dei blei lesne saman. Ho kalla seg Xiāo Hóng 萧红 (Xiāo er eit etternamn, og hóng tyder «raud»), og han kalla seg Xiāo Jūn 萧军 (jūn tyder «hær»). Viss ein las det saman, kunne det lesast (med ein annan språktone på xiao) som Xiǎo xiǎo hóngjūn 小小红军 – «Den ørvesle raude hæren» – (xiǎo tyder «liten»).

Xiāo Hóng sin første roman kom ut i 1935 i Shanghai. Han hadde tittelen Shēng sǐ chǎng 生死场 – Dødens og livets arena. Det var den første inngåande skildringa av livet til kinesiske bondekvinner under den japanske okkupasjonen av Nordaust-Kina, som tok til i 1932.

Etter eit turbulent og omflakkande tilvære – også forårsaka av dei dramatiske politiske tilstandane i perioden – og etter å ha brote med Xiāo Jūn i 1938, slo ho seg saman med forfattaren Duànmù Hòngliáng 端木蕻良, også han frå Nordaust-Kina. Til slutt reiste ho til Hongkong i 1940. Der gav ho i 1942 ut det mest kjende verket, Hūlánhē zhuàn 呼兰河转 – Krøniken om Hulanhe – som er eit rørande barndomsminne. Ho døydde i Hongkong det same året av tuberkulose.


Xiāo Hóng 萧红 (1911–1941). Frå Hūlánhé zhuàn 呼兰河转 Krøniken om Hulanhe – (1942), frå del 3, avsnitt 7. Roman.

祖母死了,我就跟祖父学诗。因为祖父的屋子空着,我就一定要睡在祖父那屋。


早晨念诗,晚上念诗,半夜醒了也是念诗。念了一阵,念困了再睡去。


祖父教我的有“千家诗”,并没有课本,全凭口头传诵,祖父念一句,我就念一句。


祖父说:


“少小离家老大回 …”


我也说:


“少小离家老大回 …”


都是些什么诗,什么意思,我不知道,只觉得念起来声音很好听。所以很高兴地跟着喊。我喊的声音,比祖父的声音更大。

祖母死了,我就跟祖父學詩。因為祖父的屋子空著,我就一定要睡在祖父那屋。


早晨念詩,晚上念詩,半夜醒了也是念詩。念了一陣,念困了再睡去。


祖父教我的有“千家詩”,並沒有課本,全憑口頭傳誦,祖父念一句,我就念一句。


祖父說:


“少小離家老大回 …”


我也說:


“少小離家老大回 …”


都是些什麼詩,什麼意思,我不知道,隻覺得念起來聲音很好聽。所以很高興地跟著喊。我喊的聲音,比祖父的聲音更大。

Krøniken om Hulanhe

0:00
-0:00

Relatert innhald

Forfattarprofil av den kinesiske poeten Xī Chuān.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2018

Læringsressursar

Litteratur i Kina