Hopp til innhald

Fagstoff

Anabole steroid

Kva er eigentleg anabole steroid? Kvifor vel nokon å bruke det?
Muskelmann som held ei sprøyte framfor armen. Foto.

Kva er anabole-androgene steroid (AAS)?

Anabole-androgene steroid er kunstig framstilte kjønnshormon som har den same effekten i kroppen som det mannlege kjønnshormonet testosteron. Anabol betyr "oppbyggande effekt", og androgen er ei fellesnemning på mannlege kjønnshormon. Testosteron er det viktigaste kjønnshormonet hos menn. Østrogen og progesteron er dei kvinnelege kjønnshormona. Både menn og kvinner produserer både mannlege og kvinnelege kjønnshormon. Menn produserer meir testosteron og mindre østrogen, kvinner produserer meir østrogen og mindre testosteron.

Testosteron – både androgen og anabol effekt

Når gutar kjem i puberteten, produserer kroppen meir testosteron. Dette fører til skjegg, kroppshår og stemmeskifte i tillegg til vekst og utvikling av kjønnsorgan. Dette er den androgene effekten av testosteronet. I tillegg har testosteron ein anabol effekt som gjer at musklane veks raskare.

Dei som startar med AAS, er spesielt ute etter den anabole effekten fordi han bidreg til auka muskelvekst ved trening. Den androgene effekten av testosteronet er likevel ikkje til å unngå.

Sprøyte oppå piller i forskjellige fargar og storleikar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Påstand: Det er ingen risiko om du bruker AAS "rett".

Diskuter med ein medelev. Kva tenker de om denne påstanden?

"Rett" bruk av AAS betyr

  • reine produkt

  • små dosar

  • bruk av "post cycle therapy" (PCT) mellom kurane

  • å ikkje bruke alkohol/narkotika samtidig

  • å ha sterk psyke frå før

Tre fasar ved steroidbruk som dei aller fleste brukarar opplever

Fase 1 – oppstart

  • Dette er vanlegvis ein positiv periode for brukaren sjølv.

  • Brukaren kan kjenne seg oppstemd og få auka sjølvtillit, energi og seksuallyst. Brukaren får raskt framgang i treninga.

Fase 2 – midt i kuren

  • Brukaren vil sannsynlegvis ha nedsett impulskontroll, negativ åtferd og mindre empati.

  • Familie og kjærastar slår ofte alarm i denne fasen.

Fase 3 – etter og mellom kurar

  • Brukaren vil ha lite energi, konsentrasjonsvanskar, søvnforstyrringar og/eller redusert sjølvtillit. Hen kan òg bli deprimert.

  • Mange unngår sosiale aktivitetar som følge av punktet over.

  • Mange startar på ein ny kur når dei kjem i denne fasen fordi dei ikkje orkar denne nedturen.

Undergrunnslaboratorium

Produksjonen av legemiddel er svært strengt kontrollert og skjer i lukka, hygieniske laboratorium av personar med farmasiutdanning. Pasientsikkerheit er sentralt. Til samanlikning skjer ikkje produksjonen av AAS og andre dopingpreparat på same måte.

Det er avdekt ved fleire høve at falske dopingpreparat har vorte produserte i Noreg med importert råstoff og utstyr. Desse preparata har vorte produserte under uhygieniske forhold, gjerne i garasjar eller kjellarar av personar utan farmasiutdanning. Her er ikkje pasientsikkerheita vesentleg; i staden er det viktigast å tene mest mogleg pengar på produksjonen. Resultatet blir "ureine" produkt med stor infeksjonsfare ved bruk.

To kroppar, ein kvinneleg og ein mannleg. Tekst forklarer fysiske og mentale endringar som skjer i kroppen ved dopingbruk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ordliste

Atrofi: reduksjon (motsett av hypertrofi)

Amenore: manglande menstruasjon

Fertilitet: fruktbarheit, evna til å få barn

Seneruptur: avriving av sener, heilt eller delvis

Gynekomasti: forstørring av eitt eller begge bryst hos gutar/menn forårsaka av at kjertelvevet aukar

Hypertrofi: auke, cellene blir større (motsette av atrofi)

Impotens: det å ikkje ha evna til å få ereksjon

Skal eg ta sjansen på å prøve AAS?

Det er vanskeleg å svare på korleis kvar og ein vil reagere på AAS fordi vi er ulike individ med ulikt genmateriale. Når du startar, kor gammal du er når du startar, mengda du tek, og kva slags preparat du tek, er noko av det som påverkar korleis du vil reagere. Likevel er genane dine avgjerande, og det kan ein ikkje føreseie. I tillegg er det viktig å hugse på at dette ikkje er eit preparat frå apoteket, men kanskje noko som er blanda i ein kjellar, og ingen har sikra at preparatet faktisk inneheld det som står på pakken. Biverknadene opptrer ulikt frå individ til individ, og på ulike tidspunkt.

Til samanlikning vil ein lege som skriv ut ein resept på eit legemiddel, ta utgangspunkt i helsetilstanden din når hen vel kva legemiddel og kva dosering du skal ha. Her speler alderen din, vekta di og sjukdomshistoria di inn, og hen vil òg ta omsyn til om du eventuelt tek andre medisinar. Legen vil òg følge deg opp for å sjå korleis du reagerer på medisinen du har fått. Den same individuelle tilpassinga og oppfølginga får du ikkje når du bruker AAS.

Kven bruker doping?

Det er gjerne menneske som har opplevd vanskelege ting i livet som startar med doping. Dette kan komme av psykiske utfordringar av som til dømes mobbing, omsorgssvikt, dødsfall, sjukdom eller andre ting som vedkommande opplever som ei krise i livet. Nedsetjande kommentarar frå andre om eigen kropp er òg noko som kan føre til tankar om å endre på kroppen og å ta i bruk doping for å nå desse måla.

Målet med dopingbruken er mellom anna å bli sett, få stadfestingar, ta igjen, verne seg eller å dekke over vonde kjensler.

Risikofaktorar som kan føre til dopingbruk:

  • misnøye med kroppen og låg sjølvkjensle

  • eit ønske om auka muskelmasse

  • ei oppfatning av at andre bruker doping, og at det er høg aksept for å dope seg i samfunnet

  • overdriven bruk av kosttilskot

  • livskriser

Rundt to–tre prosent av norske ungdommar og unge vaksne brukar doping i dag.


Går det an å få framgang i treninga utan å dope seg?

Det er absolutt mogleg å få framgang i treninga utan å bruke doping, og kroppen har flest fordelar ved å trene utan doping. Det beste for å få treningsframgang er å ha kunnskap om trening, kosthald og restitusjon. Det lønner seg òg å ha gode rollemodellar. Du kan lese meir om trening og kosthald i lenkene under. Du kan òg spørje kroppsøvingslæraren din.

Ressursar om trening

Ressursar om kosthald


Under finn du ein podkast frå Antidoping Norge.

Logoen til Antidoping Norge. På midten står det Antidopingpodden. Grafikk.

Joachim brukte anabole steroider i over åtte år

Har du nokon gong snakka med ein person som har brukt anabole steroid? Joachim frå Oslo starta i slutten av tenåra då ein kompis på det lokale treningssenteret spurde om han var interessert i å få ras...

0:00
-0:00

Kjelder

Antidoping Norge. (u.å.). Post cycle therapy (PCT). Henta 23. juni 2022 frå https://www.antidoping.no/kunnskap-og-ressurser/post-cycle-therapy-pct

Berg, J. P. (2022, 30. juni) Kjønnshormoner. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/kjønnshormoner

Nasjonal kompetanseteneste for TSB. (2017, 31. januar). Hva er anabole steroider, og hvordan virker det i kroppen? [Video]. https://youtu.be/XjVguTWqk9A

Nasjonal kompetanseteneste for TSB. (2017, 31. januar). Anabole steroider: kjønsspesifikke virkninger [Video]. https://youtu.be/l6m4Fz-yQPc

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Antidoping Norge. Rettshavar: Antidoping Norge
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Hormonsystemet