Oppgåve
Hormonsystemet og nervesystemet
Hormonsystemet og nervesystemet er kommunikasjonssystem som gjer at cellene i kroppen kan samarbeide. I denne oppgåva skal du lære meir om korleis dei to ulike systema sender signal rundt i kroppen.
- Lag ein menneskekropp i heilfigur som kan hengast opp i klasserommet.
- Teikn inn sentralnervesystemet og det perifere nervesystemet. Set namn på dei ulike delane.
- Teikn dei endokrine kjertlane på riktig stad og set på namn. Lag ei stikkordliste for kvar kjertel med informasjon om
- kva hormon som blir produsert der
- kva funksjon desse hormona har
- Korleis blir hormonproduksjonen regulert i kroppen?
- Korleis er samanhengen mellom hormonsystemet og nervesystemet? Forklar korleis overføringa av signal går føre seg i
- nervesystemet
- hormonsystemet