Hopp til innhald

Fagstoff

Bukspyttkjertelen

Bukspyttkjertelen ligg i bukhola, bak magesekken. Han er om lag 15 centimeter lang og har to viktige funksjonar. Ein del av bukspyttkjertelen produserer hormon som blir tekne opp i blodet. Ein annan del produserer fordøyingsenzym som blir leidde ut i tolvfingertarmen.
Bukspyttkjertelen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bukspyttkjertelen produserer hormon

Denne delen av kjertelen består av Langerhans øyar, der hormona insulin og glukagon blir produserte. Hormona blir tekne opp i blodet som strøymer gjennom kjertelen. Desse hormona regulerer innhaldet av glukose i blodet.

Når innhaldet av glukose i blodet aukar, for eksempel etter at vi har ete, aukar produksjonen av insulin. Det fører til at glukose blir transportert frå blodet og inn i cellene.

Glukagon verker motsett. Når glukoseinnhaldet i blodet blir lågt, syter glukagon for at glukose blir sleppt ut frå lager inni cellene og til blodet.

Bukspyttkjertel, tolvfingertarm og kapillær. Illustrasjon.

Bukspyttkjertelen produserer fordøyingsenzym

Det meste av kjertelen består likevel av celler som lagar fordøyingsvæska bukspytt. Bukspyttet blir sleppt ut i tolvfingertarmen rett nedanfor magesekken. Denne væska inneheld enzym som bryt ned protein og feitt. I tillegg er bukspyttet basisk, slik at det sure mageinnhaldet som kjem frå magesekken, blir nøytralisert.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Hormonsystemet