Hopp til innhald
Film og filmklipp

Sikker bruk av platesaks

Det finst mange ulike typar platesakser, frå heilt manuelle til CNC-styrte, men dei viktigaste sikkerheitsreglane er like for alle. Her får du ei første innføring.

Introduksjonsvideo

I videoen nedanfor får du demonstrert dei viktigaste reglane for sikker oppstart og bruk av ei platesaks. Desse reglane gjeld uansett kva type platesaks du skal bruke. Sjå videoen, og gjer deg deretter kjend med den modellen de har på verkstaden dykkar.

Lengde på videoen: tre minutt. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0