Hopp til innhald

Fagstoff

Nødstopp og verneinnretningar

Ei platesaks er utstyrt med ulike verneinnretningar for å redusere risikoen for uhell og skadar. Her får du eit innblikk i desse verneinnretningane og andre viktige komponentar.

Nødstopp og verneinnretningar

Ei platesaks er utstyrt med eit beteningspanel, nødstopp og ulike verneinnretningar som du må kjenne til. Du må også ta ein funksjonstest av desse innretningane før du tek i bruk platesaksa.

Klikk på symbola i biletet for å lese om dei ulike komponentane og funksjonane – eller les fagteksten nedanfor.

Hovudstraumbrytar

Hovudstraumbrytaren er vanlegvis montert på beteningspanelet til maskina.

Hovudstraumbrytaren har som oppgåve å kople til og frå straum til maskina. For at du skal kunne starte maskina, må brytaren stå i «ON»- eller «1»-posisjon. Når du skal ta pause eller avsluttar arbeidet for dagen, er det viktig at du slår av hovudstraumbrytaren, slik at uvedkommande ikkje kan starte maskina.

Viss du skal utføre vedlikehald, justere knivar eller gjere andre justeringar, må du også passe på at hovudstraumbrytaren er slått av, slik at maskina ikkje kan starte og setje deg eller andre i fare.

Viss du skal gjennomføre meir omfattande arbeid, må du låse av hovudstraumbrytaren med ein hengelås. Dette blir kalla ein barrikade og er ei sikring for å hindre at andre personar skrur på hovudstraumbrytaren medan du jobbar på eller inne i maskina.

Nødstopp

Platesaksa er vanlegvis utstyrt med to nødstoppbrytarar. Den eine nødstoppbrytaren er plassert på beteningspanelet, medan den andre er montert på eit stativ saman med fotpedalen. Nødstoppbrytaren skal vere montert slik at han er enkel å sjå og enkel å betene viss det oppstår ein nødssituasjon.

Når nødstoppbrytaren blir trykt inn, bryt han straumen til motoren på platesaksa slik at motoren stoppar.

Før du tek i bruk platesaksa, må du alltid sjekke at nødstoppbrytaren fungerer, ved å starte maskina og trykke inn nødstoppbrytaren. Platesaksa skal då stoppe.

Du opnar nødstoppbrytaren igjen ved å vri brytaren lett til høgre, slik at han sprett ut.

Beteningspanel

Før du tek i bruk platesaksa, må du setje deg inn i justeringsmoglegheitene som er på beteningspanelet.

Platesaksa har dessutan avgrensingar for kor tjukke plater ho kan kappe i dei ulike materiala. Det er viktig at du ikkje overbelastar maskina ved å prøve å kappe tjukkare plater enn det som er oppgitt som maksimal tjukkleik. Overbelastning kan medføre skade på både maskina og folk rundt, ved til dømes at delar knekk av og skadar deg eller andre.

Verneinnretningar

Dei fleste nyare platesakser har verneinnretningar på baksida av maskina.

Viss du opnar vernedekselet som er på baksida av maskina, blir straumen til motoren broten slik at motoren stoppar. Dette skal sikre at ingen kan få hendene sine inn i kappemekanismen og skjereeggane på platesaksa.

Det kan dessutan finnast ei optisk verneinnretning som bryt straumen til motoren viss du rører deg i området bak platesaksa medan ho er i drift.

Det er viktig at du sjekkar at desse verneinnretningane fungerer, før du tek i bruk maskina.

Fotpedal

Platesaksa blir betent med ein fotpedal, sidan du som oftast bruker begge hendene til å halde plata du skal kappe, stabil.

Dei fleste platesakser har ein fotpedal med ei innebygd verneinnretning, der du må trykke foten heilt inn over fotpedalen for å løyse ut ei sperreinnretning før du får trykt ned pedalen og aktivert platesaksa. Viss du skal bruke ei platesaks som er utstyrt med ei slik verneinnretning, er det viktig at du sjekkar at innretninga fungerer som forventa, før du startar opp maskina.

Når du skal kappe store plater, vil du måtte stå eit stykke ut frå maskina slik at du ikkje rekk fram til beteningspanelet. Stativet med fotpedalen er derfor flyttbart.

Funksjonstest før bruk

  • Før du tek i bruk platesaksa, må du alltid gjennomføre ein funksjonstest av verneinnretningane. Alt av verneinnretningar må fungere.

  • Viss nødstoppbrytaren eller ei verneinnretning ikkje fungerer slik dei skal, kan du ikkje bruke platesaksa. Ta kontakt med læraren din eller ein annan ansvarleg person som kan sørge for at utstyret blir reparert.

  • Så lenge platesaksa er i ustand, må ho vere merkt, eller hovudstraumbrytaren må vere stengd av med ein barrikade. Det er viktig at ingen kan slå på maskina og utsetje seg for fare. 

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for platesaks