Hopp til innhald
Fagartikkel

Introduksjon platesaks

Før du får lov til å jobbe med ei platesaks, må du gjennomføre ei dokumentert sikkerheitsopplæring. Opplæringa har ein teoretisk og ein praktisk del. Her kan du skaffe deg kunnskapen du treng for å bruke platesaksa på ein sikker måte.

Kvifor treng du sikkerheitsopplæring?

Platesaksa er ei kraftig maskin som blir brukt til å klippe metallplater, og ho kan vere farleg. Derfor må du kjenne til dei ulike risikomomenta, verneinnretningane og HMS-krava for maskina.

Gjennomføring

For å få sikkerheitsklarering må du gjennomføre ei teoretisk og ei praktisk opplæring. Du må bevise for læraren at du kjenner til risikomoment og nødvendig verneutstyr, og at du veit korleis verneinnretningane på maskina fungerer.

Når du har sett deg inn i den teoretiske delen, tek du kontakt med læraren din for ein praktisk demonstrasjon. Læraren avgjer så om du har tilstrekkeleg kompetanse til å betene maskina.

Framgangsmåte

  1. Gjennomfør den teoretiske opplæringa.

  2. Svar på kontrollspørsmåla til teoristoffet.

  3. Gjer deg kjend med platesaksa de har på verkstaden.

  4. Skriv ut, fyll inn og signer eigenerklæringsskjemaet som ligg på denne sida.

  5. Ta kontakt med læraren og lever skjemaet.

  6. Demonstrer for læraren at du også i praksis har kunnskapen og ferdigheitene som trengst for å betene maskina på ein sikker måte.

  7. Læraren vurderer deg og gir deg sikkerheitsklarering ved å signere på eigenerklæringsskjemaet ditt.