Stille inn og betene platesaksa
Sjekk tabellen på platesaksa eller i instruksjonsmanualen for å finne ut kva kraft eller innstilling du skal velje på platesaksa. Krafta eller innstillinga heng saman med materialtypen og tjukkleiken på plata du skal kappe.
Hugs at du ikkje må prøve å kappe tjukkare materiale enn kva platesaksa er godkjend for. Det kan øydelegge maskina og setje deg og andre i fare.
Følg denne rekkefølga når du skal bruke platesaksa:
Kontroller at alle nødstoppbrytarar og verneinnretningar fungerer.
Still inn maskina etter materialtypen og tjukkleiken på plata du skal kappe.
Legg plata på plass og kontroller at plata har eit godt anlegg.
Juster inn plata til rett kappområde (manuell platesaks).
Juster kappdimensjonane på beteningspanelet (CNC-styrt platesaks).
Hald plata fast på ein trygg måte.
Beten fotpedalen for å aktivere platesaksa.
Legg plata tilbake på plass på materiallageret.
Hent platebiten du har kappa, bak maskina.