Du er no inne i ein læringssti: Løys eit problem med designtenking
Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist oppdatert 4.05.2022
Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist oppdatert 4.05.2022
Oppgåve
Bruk designtenking og løys problemet
Jobb i grupper og bruk metoden designtenking for å løyse eit problem. Kanskje endar de opp med prototyp til ein app eller nettside, ein haldningskampanje i sosiale medium eller eit arrangement? Eller kanskje det blir noko heilt anna?
Vel éi av dei fem problemstillingane under og bruk designtenking som metode for å løyse problemet. Kva slags løysing som kjem ut av arbeidet, er opp til dykk.
Kva er eigentleg problemet, sett frå ståstaden til dei det gjeld?
Kva argument har dei for å gjere som dei gjer?
Kva irriterer dei? Kva er det som står i vegen for at ting ikkje endrar seg til det betre?
Finn menneske, snakk med dei åleine eller i grupper. Lytt, observer og noter. På bakgrunn av det de ser og høyrer, lagar de ei problembeskriving. Det er dette problemet de skal løyse.
Problem 1: sløsing med pengar
I løpet av vidaregåande skule eller studietida får mange unge menneske sin første jobb. Denne plutselege kjøpekrafta kan gjere det freistande å sløse, og mange brukar pengar på alt dei har lyst på, med det same dei får lyst på det.
Det luraste er vel å spare pengane til seinare og bruke dei på noko fornuftig? Kva kan gjerast for å få unge menneske til å spare meir?
Problem 2: låg valdeltaking
Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå er valdeltakinga låg blant unge i Noreg. Dei som akkurat har flytta heimanfrå, er dårlegast til å gjere si borgarplikt og stemme ved val. Den store delen unge "heimesitjarar" er eit demokratisk problem, då dei unge i praksis lèt dei eldre bestemme for seg. Det har òg vist seg at mange vegrar seg for å stemme fordi dei ikkje kan nok om politikk.
Kva kan gjerast for å få unge menneske til setje seg inn i politikk og bruke stemmeretten sin når det er val?
Problem 3: manglande studieteknikk
Mange skuleelevar og studentar tyr til skippertaks-metoden når dei studerer. Dei jobbar intenst rett før ei prøve eller innlevering, for såg å gløyme det meste like etterpå.
Kva kan gjerast for å få elevar og studentar til å jobbe meir jamt med skulearbeidet, og til å ta i bruk metodar som gjer at stoffet "sit" betre?
Problem 4: bruk-og-kast-mentalitet
Mange er oppdregne til å vere forbrukarar, altså til å kjøpe nytt og kvitte seg med det dei har, gong etter gong.
Kva kan de gjere for å få folk til å reparere ting sjølve, til å kjøpe ting som lèt seg reparere, og til å klare seg med mindre, i staden for heile tida å kjøpe nytt?
Problem 5: falske nyheiter
Ein god del menneske, både gamle og unge, kan ha problem med å skilje sanning frå løgnar når dei blir utsette for falske nyheiter. Dette er særleg eit problem i sosiale medium.
Kva kan gjerast for å hjelpe folk med å skilje fakta frå usanningar?