Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldearbeid og målgrupperetting i NRK-serien Rådebank

Sjå videoen og svar på spørsmåla.

A) Om målgruppe og kjeldearbeid

Episodane i NRKs dramaserie Rådebank er inspirert av verkelege hendingar i rånemiljøet i Bø, Notodden og Ulefoss.

  1. Gjer søk på nett og finn ut: Kva er ein rånar? Kva betyr ordet rådebank?

  2. Kven er målgruppa til Rådebank?

  3. Kva er behovet til målgruppa, ifølgje innhaldsutviklar Ellen Ramstad i NRK?

  4. Korleis jobbar NRKs utviklingsavdeling for å lære om målgruppa?

  5. Kvifor bruker NRK tid på grundig kjeldearbeid?

B) NABC-metoden

I videoen gir innhaldsutviklar i NRK, Ellen Ramstad, ei kort innføring i NABC-metoden.

  1. Kva er NABC-metoden? Forklar stega i metoden. Søk på nett, eller sjå korleis du kan utvikle ein idé med NABC-metoden i denne videoen frå YouTube.

  2. Kvifor trur du at NABC-metoden har vorte eit nyttig verktøy for å utvikle idéar i NRK?

  3. Korleis kan du bruke NABC-metoden når du jobbar med oppgåver i mediefag?

  4. Sjå dei første minutta av Rådebank-episoden "Parkert" (fram til tittelen, ca. 05:40). Vurder korleis starten på serien møter behovet til målgruppa.




CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Kjeldearbeid i idéutvikling