Hopp til innhald

Fagstoff

Kjeldearbeid i dramaseriar

Kva har NRKs dramaseriar Rådebank, 17 og Skam til felles? Jo, skaparane har alle jobba systematisk med kjeldearbeidet i idéutviklingsfasen av produksjonen.

Når vi lager innhold, er publikum det første vi tenker på.
Innholdsutvikler i NRK, Ellen Ramstad

Kva behov har målgruppa?

I utviklingsavdelinga til NRK startar det kreative arbeidet med å forstå og kva behov dei har. Dei stiller spørsmål som "kven vil vi treffe med det nye vi skal skape?" og " kva behov har desse, som vi kan tilfredsstille?" Grundig research og målgrupperetting i er sentralt for å skape innhald som treffer.

Forpliktingar og moglegheiter som allmennkringkastar

Som allmennkringkastar er ikkje NRK bunde av inntening på same måte som dei kommersielle tv-kanalane og strøymetenestene. Likevel er dei forplikta til å skape innhald som appellerer til alle aldersgrupper. I vedtektene står det òg at NRK skal streve etter høg kvalitet, mangfald og nyskaping. Derfor blir systematisk arbeid i idéutviklinga viktig for å sikre kvaliteten på det NRK lagar.

Finne tal og gjere intervju

Produksjonsprosessen i NRK startar ofte med research. Ei eiga analyseavdeling i NRK får i oppdrag å finne relevante personar som kan brukast som kjelder i produksjonar. Dei startar gjerne med å undersøkje kva som finst av skriftlege rapportar med tal og statistikk om målgruppa frå før. Talmateriale kan vise kva medieplattformer og sosiale medium målgruppa bruker, og kva dei ser på skjermen. Når analyseavdelinga har funne relevante data, presenterer dei resultata for innhaldsutviklarane.

Då kan prosessen halde fram, mellom anna med r eller lengre med representantar frå målgruppa, for å finne ut meir.

Skam – eit ideal på kjeldearbeid

Jentene i Skam med Gullruten-prisen. Foto.

Ungdomsserien Skam blir ofte løfta fram som eit godt døme på korleis du kan arbeide med kjelder i utviklinga av eit konsept.

Då Julie Andem fekk i oppdrag av NRK å vinne tilbake ungdomssjåarane, starta ho med kjeldearbeidet. Ho gjennomførte over femti djupneintervju med ungdommar og drog på skulebesøk for å kartleggje behova til ungdommane.

Arbeidet med kjeldene avdekte at 16-årige jenter trong å styrkje sjølvkjensla si. Denne innsikta gav serieskapar Andem ei tydeleg bestilling frå start og resulterte i Skam – ein serie som skulle hjelpe jenter med å setje grenser. Serien vart raskt populær, både i Noreg og i andre delar av verda, i løpet av 2015.

Sjå eit klipp frå Skam

I scena tek hovudpersonen Noora eit oppgjer med ein gut som har teke nakenbilete av henne utan hennar samtykke.

Tenk over:
Vurder i kva grad scena oppfyller intensjonen i serien: å hjelpe unge jenter med å styrkje sjølvkjensla si.
Kva tenkjer du om korleis guten blir framstilt?


Kjeldearbeid i Rådebank

Nytta av Facebook og fokusgrupper

Ung mann med kaps og tent sigarett i ein bil. Foto.

I dramaserien Rådebank ville NRK treffe målgruppa unge gutar på bygda. I staden for å basere idéutviklinga på eksisterande tal og antakingar om bygdeungdom, ville skaparane møte målgruppa i ein tidleg fase av produksjonen.

Informasjon vart skaffa ved hjelp av fokusgrupper og djupneintervju med bygdeungdom og med rånarmiljøet, og vart utgangspunktet for utviklinga av karakterar og hendingar i serien.

I tillegg oppretta NRK ei privat gruppe på Facebook slik at dei kunne kommunisere direkte med ungdommane i målgruppa. Dette vart ein nyttig kanal for å få innspel og justere produksjonen undervegs, spesielt i manusarbeidet.

Kjeldearbeidet avdekte behovet til målgruppa

Gjennom systematisk bruk av kjelder i utviklinga av Rådebank fann NRK ut at unge gutar på bygda trong å snakke meir om kjensler. Dermed kunne dei gå vidare i idéutviklinga og starte eit kreativt arbeid som møtte dette behovet.

Kjeldearbeid i dramaserien 17

T-banetur til Oslo aust

Fem skodespelarar frå NRK-serien 17 smiler til kamera under haustlanseringa til NRK. Frå venstre: Serhat Yildirim (Emrah), Nafisa Osman (Fatuma), Isak Noor (Hamse), Mohammed Aden Ali (Abdi) og Abdullahi Mahdi Hussein (veslebror). Foto.

Då NRK skapte dramaserien 17 gjorde dei mellom anna research på Stovner i Oslo aust og på den austgåande t-banelinja. Her trefte dei unge som kunne gi dei eit innblikk i kvardagslivet på austkanten i Oslo. Dette arbeidet var heilt nødvendig for å forstå målgruppa som dei ville treffe med dramaserien: ungdom i Groruddalen i Oslo aust.

Kjeldene bidrog i manusskrivinga

Nokre av kjeldene vart òg etter kvart inviterte med inn i skriveprosessen for å sikre rett språkbruk og veremåte. For NRK og prosjektleiar Nora Ibrahim var det viktig at gutane på 17 år i Groruddalen kjende seg igjen i serien. Serien skulle vere så realistisk at historia kunne ha vore sann, elles ville ikkje innhaldet treffe målgruppa.

Sjå starten på 17

Abdi blir slite mellom å vere ein god muslim og ein heilt vanleg norsk tenåring og føler at han ikkje lever opp til forventningane verken heime, på skulen eller blant venene. Sjå dei første seks minutta av første episode.

Tenk over:
Vurder om starten på serien gir eit realistisk bilete av livet på Oslos austkant.
Korleis trur du serien vart motteken av ungdom i Groruddalen i Oslo aust?


Kjelder

Hauger, K. K. (2018, 19. juni). Nytt østkantdrama treffer NRK-sjefen: – Jeg er selv fra Groruddalen. Kampanje.com. https://kampanje.com/medier/2018/06/nrk-sjefen-med-drama-fra-groruddalen---jeg-gikk-selv-pa-haugenstua/

Rustad, G. C. og Emilsen, A.-S. S. (2021, 8.mars). Skam (TV-serie). Store norske leksikon. https://snl.no/Skam_-_TV-serie

Nettsida til Skam

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Kjeldearbeid i idéutvikling