Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

På jobb som gravejournalist

I desse oppgåvene skal du jobbe med undersøkjande journalistikk. Kven blir gravejournalisten til klassen? Og korleis arbeider journalistar systematisk med kjeldearbeid for å avsløre feil og maktmisbruk?
Studentar sit i ein sofa og ser på mobiltelefonane sine. Nokre ser saman, andre ser aleine. På veggen bak dei heng ein plakat med app-ikon som Snap, Facebook og Twitter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her er tre oppgåver om undersøkjande arbeidsmetodar i journalistikk.

I den første oppgåva skal du grave fram personopplysningar på nett og i sosiale medium.

I dei andre oppgåvene skal du oppdage og vurdere korleis profesjonelle journalistar jobbar fram saker ved hjelp av systematisk kjeldearbeid.

I den tredje oppgåva skal du undersøkje kjeldebruken i dokumentaren "Drapet i akebakken" frå NRK Brennpunkt.

Oppgåve 1 Kven blir gravejournalisten til klassen?

Vel ein person som klassen vil finne ut meir om! Søk på nett og i sosiale medium for å grave fram flest moglege opplysningar om han eller ho. Kven er best i klassen på journalistisk research?

A) Finn ein felles person

Ei Facebook-side på ein skjerm. Foto.

Bestem dykk for ein person som de vil lære meir om. Alle i klassen skal finne informasjon om same person. Personen kan vere ein de kjenner frå før, eller ein ukjend.

Kanskje de skal i gang med eit prosjekt, og vil vite meir om nokon i samband med dette?

Obs! Viss de vil undersøkje ein de kjenner, sørg for å få samtykkje frå han eller ho før de set i gang. Å vareta etiske retningslinjer og halde dykk innanfor lovverket, er ein del av oppdraget. Opplysningar om kjelda skal behandlast med respekt, så ver varsam med informasjonen de spreier. Det kan hende at de ikkje skal dele vidare alt de finn ut om personen.

B) Søk på nett og i sosiale medium

Alle i klassen gjer individuelle undersøkingar om personen. Opprett eit eige dokument der du samlar informasjonen og systematiserer søka. Gjer søk på nett og i sosiale mediekanalar.

Tips til kjeldesøk i sosiale medium

  • Hanne Louise Åkernes er journalist i Bergens Tidende og deler konkrete tips til korleis grave fram informasjon om andre på nettsida til Elevkanalen. Ho finn personopplysningar mellom anna gjennom å bruke Facebook Graph Search. (Hugs å byte språk til US English for at Facebook Graph Search skal fungere.)

    Elevkanalen: Hanne Louises graveskole

C) Del funna i klassen

Fortel om personopplysningane du har fått tak i til dei andre i klassen. Samanlikn resultat.

Ver gjerne kritiske til det de har funne ut. Vurder truverdet til informasjonen, og diskuter kva søk som har gitt best informasjon. Sjekk at alle har gjort søk som er godt innanfor etiske retningslinjer og reglar.

Samanfatt til slutt: Kven i klassen fann ut mest, godt innanfor etiske retningslinjer og regelverk? Stem, og avgjer kven som vinn tittelen "gravejournalisten i klassen"!

Jente med mistenksamt blikk kikkar over ei avis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2 Journalistisk gravearbeid

I undersøkjande journalistikk er det god praksis å dokumentere kjeldearbeidet i idéutviklinga.

Kvart år leverer journalistar grundige metoderapportar til Stiftelsen for en kritisk og undersøkende presse (SKUP) for å dokumentere arbeidsprosessane sine.

Formålet med rapportane er mellom anna å vise fram korleis du kan jobbe med kjeldearbeid for å avdekkje kritikkverdige forhold i samfunnet.

A) Utforsk SKUP-rapportar

Gå inn på SKUPs nettside og utforsk metoderapportane til ulike journalistar. Finn du dokumentasjon og skildringar av korleis dei jobbar med kjeldearbeidet? Korleis jobbar dei med å systematisere funna?

Forslag: les metoderapporten "Forfulgt"

I august 2020 publiserte Adresseavisen saka "Forfulgt" om ein mann som terroriserte kvinner via sosiale medium.

I metoderapporten kan du lese korleis Elise Rønningen, Toini Thanem, Jonas Nilsson, Therese Sanne og Jonas Alsaker Vikan jobba med kjeldearbeidet og kartlegginga av rørslene til mannen.

SKUP: Metoderapporten til "Forfulgt"

Du kan lese den ferdige saka ved å trykkje på lenkja under.

Artikkel, Adresseavisen: Forfulgt

B) Studer ein SKUP-rapport

Vel ein metoderapport frå nettsida til SKUP, og svar utfyllande på desse spørsmåla:

  • Korleis har journalistane arbeidd systematisk med kjelder?

  • Kvifor var det viktig å undersøkje saka?

  • Kva tenkjer du no om arbeidet ditt med å grave fram personopplysningar i oppgåve 1? Vurder i kva grad du klarte å ta gode val og opptre omsynsfullt i kjeldearbeidet.

I 1994 fekk tre små barn skulda for å ha teke livet av ei jamaldra jente i ein akebakke. NRK Brennpunkt har laga ein dokumentarserie på fire episodar for å prøve å kartleggje kva som eigentleg skjedde. Sjå heile eller deler av serien, og reflekter rundt følgjande:

Barn som akar i snøver.
  • Kva kjelder har redaksjonen i Brennpunkt brukt for å prøve å forstå hendingsgangen på ulykkesdagen?

  • Korleis har Brennpunkt jobba systematisk med kjeldearbeidet?

  • Kor truverdige er kjeldene? Er nokon meir truverdige enn andre? Kva gjer ei kjelde truverdig?

  • Kor truverdig er Brennpunkt-redaksjonen? Kva tenkjer du om arbeidsmetodane deira? Kva tenkjer du om formidlinga? ( Til dømes bruken av forteljargrep, verkemiddel, dramaturgi og så vidare.)

  • Kva tenkjer du om skuldspørsmålet? Gir dokumentarserien eit svar på om det var barna som mishandla venninna i hel?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2021

Læringsressursar

Kjeldearbeid i idéutvikling