Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

22.juli: "Vi må aldri gløyme!"

Fredag 22. juli 2011 blei Noreg utsett for eit dobbelt terroråtak. 77 menneske blei drepne, og mange blei såra. I ettertid har det blitt laga fleire medieproduksjonar om hendinga. Reflekter over korleis ein kan handtere eit slikt stoff med varsemd og respekt, og lag di eiga forteljing om 22. juli.

Del 1: Reflekter over historieforteljing om 22. juli

Kvifor lagar vi medieproduksjonar om det verste åtaket mot sivile i Noreg sidan andre verdskrigen? Og korleis kan vi dramatisere ei så alvorleg hending på ein etisk forsvarleg og respektfull måte?

I del 1 skal du vurdere tre ulike trailerar frå dramatiseringar baserte på terroråtaka. Du skal studere bruken av forteljeteknikk og verkemiddel og vurdere grepa regissørane har teke. Er filmspråket tilpassa det alvorlege temaet?

Del 2: Lag forteljinga "Vi må aldri gløyme!"

Du får i oppdrag å lage ei forteljing med arbeidstittelen "Vi må aldri gløyme!".

Målgruppe

Barn i småskulen (5–10 år)

Medium

Valfritt uttrykk, t.d. artikkel, teikneserie, fotoserie, dokumentarfilm eller podkast

Premiss: "Vi må aldri gløyme!"

Bestem deg for kvifor du meiner at vi aldri må gløyme 22. juli. Formuler tankane dine i to–tre setningar og la dei vere drivkrafta når du skal lage forteljinga di.

Utfordringar

  • Kva for allmenne omsyn må du ta overfor ei så ung målgruppe?
  • Korleis vil du fortelje om terror til nokon som aldri har opplevd noko slikt?
  • Kva skal vere vinklinga di?
  • Kva for etiske og moralske dilemma kan du støyte på?
  • Kven bør fortelje historia?
  • Kva for verkemiddel kan du bruke for å vekkje målgruppa?

Presentasjon av resultatet

Lever det ferdige produktet til læraren din og vis det fram i klassen.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2020

Læringsressursar

Medieetiske problemstillingar