Hopp til innhald

Fagstoff

Etiske utfordringar når du bruker sosiale medium

Medieetikk handlar også om måten vi opptrer på i sosiale medium. Her er nokre viktige etiske utfordringar du kan støyte på når du bruker slike plattformer.

Vi møter etiske utfordringar når vi bruker sosiale medium. Vi kan dele dei inn i fem dilemma:

  1. Rolledilemmaet

  2. Lett-på-fingeren-dilemmaet

  3. Ambisjonsdilemmaet

  4. Ytringsdilemmaet

  5. Kunnskapsdilemmaet

Oversikta er laga av Øyvind Kvalnes, som er filosof og førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI. Nedanfor får du eit døme på kvart av dei fem dilemmaa.

1. Rolledilemmaet

Kven er du i sosiale medium? Uttaler du deg som privatperson, eller vil nokon oppfatte deg som representant for ei gruppe, til dømes eit politisk parti, eit livssynssamfunn eller ei bedrift?

Kva skjer dersom vi ikkje er bevisste på kva rolle vi opptrer i? Kan til dømes ein profilert politikar i det heile uttale seg som «privatperson»?

Bollestad eller Bollestad?

Foto av Olaug Bollestad som omfamnar ektemannen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Olaug Bollestad er tidlegare statsråd og noverande leiar av Kristeleg Folkeparti. På Instagram framstiller ho seg sjølv og mannen på ein måte som etterliknar dei to britiske komediefigurane herr og fru Larkins.

Er det politikaren eller privatpersonen Bollestad som viser seg fram på Instagram-kontoen olaugjohanna?

Byr ho på seg sjølv som privatperson, eller konstruerer ho eit politisk image som folkeleg og jovial?

2. Lett-på-fingeren-dilemmaet

Sosiale medium spreier informasjon raskt og effektivt. Det er ein av dei store fordelane med slike medium. Ulempa er at det er lett å trykkje på publiseringsknappen før du har rokke å tenkje nøye gjennom om det du postar er sant, og kva konsekvensar det kan få for andre.

Det er også lett å like og dele ytringane til andre utan å sjekke om det du formidlar vidare, er sant, eller eigna til å krenkje andre.

Er dette sant?

Skjermdump av Facebook-innlegg frå Harald Henschien med bilete av Rasmus Hansson og Lan Marie Berg. På biletet er det skrive "MdG vil forby fiskebåter" og ein replikk: "Det er da mer enn nok fisk i butikkene".

Denne framstillinga av fiskeripolitikken til Miljøpartiet Dei Grøne skapte sterke reaksjonar og vart spreidd gjennom ukritisk deling i sosiale medium. Problemet er berre at Rasmus Hansson og Lan Marie Berg aldri har foreslått å forby fiskebåtar.

3. Ambisjonsdilemmaet

Dersom du skal nå ut med bodskapen din i sosiale medium, er du avhengig å tilhøyre eit nettverk som liker og deler det du publiserer. Men kor langt kan vi gå for å få mange følgjarar og "likes"?

Facebook-posten som felte ein statsråd

Skjermdump av Facebook-innlegg frå Sylvi Listhaug med bilete av maskerte framandkrigarar og teksten "Ap mener at terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har jakta på popularitet nokre gonger fått deg til å publisere noko du har angra på i ettertid?

4. Ytringsdilemmaet

Kor langt kan du gå når du ytrar deg om kontroversielle spørsmål? Har du enkelte gonger ytra deg om andre på ein måte du aldri ville ha gjort ansikt til ansikt?

Eller er det heller slik at du ofte tilpassar dine eigne ytringar til meiningane til andre for å tekkjast dei du ønskjer skal like deg?

Twitter-kongen Donald Trump

Skjermdump av Twitter-melding frå Donald Trump kor han hevdar at mange juristar ønskjer å forsvare han i Russlandsaka, og oppfordrar folk til ikkje å tru på falske nyheiter som hevdar det motsette.

USAs tidlegare president Donald Trump brukte dagleg Twitter til å spreie kontroversielle ytringar der han herleggjorde seg sjølv og rakka ned på andre. Han vart utestengd frå fleire sosiale medium då han hardnakka hevda at presidentvalet i 2020 vart kuppa av dei politiske motstandarane hans.

5. Kunnskapsdilemmaet

Kunnskap er ikkje jamt fordelt i befolkninga. Overlegen kunnskap gjer at du har makt i ein kommunikasjonssituasjon. Du kan velje å bruke han til å hengje ut og latterleggjere bidragsytarar i sosiale medium som ikkje har same innsikt eller formuleringsevne som deg sjølv.

Men du kan også bruke kunnskapen til å avsløre skjulte motiv og tilbakevise påstandar som ikkje er sanne.

Kva ville du ha gjort?

Faksimile av nettprat mellom to personar der ein vaksen mann inviterer ei ung jente til å ha sex mot betaling. Ho spør kva som får han til å foreslå noko som er ulovleg. Han stadfester at han liker unge jenter, og ho svarer at sex og pengar ikkje høyrer saman, og at han bør finne seg ei på sin eigen alder.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis ville du ha reagert dersom du fekk ein slik førespurnad på Instagram?

Ville du brukt kunnskapen du har om lov og etikk til å forklare avsendaren kvifor det han gjer er uetisk eller ulovleg?

Ville du ha meldt han til politiet?

Eller ville du berre ha fleipa det bort og kalla han ein gammal horebukk?

Kilde

Brandtzæg, P.B., Gillund, L., Krokan, A., Kvalnes, Ø., Meling, A. T. & Wessel-Aas, J. (2011). Sosiale medier i all offentlighet: Lytte, dele, delta. Kommuneforlaget.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021

Læringsressursar

Medieetiske problemstillingar