Skriftleg oppgåve: etiske krav til medieforteljingar - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Skriftleg oppgåve: etiske krav til medieforteljingar

I denne oppgåva skal du gjere greie for sentrale etiske omgrep og presentere og drøfte etiske problemstillingar i journalistikk og fiktive medieforteljingar.

Målet med denne oppgåva er

  • å vise at du forstår og kan nytte etiske omgrep

  • å vise at du kjenner til og forstår kva yrkesetiske reglar har å seie for journalistikk

  • å vise at du veit kva som krevst av sjangeren kronikk, og at du meistrar språklege verkemiddel

  • å vise at du kan reflektere rundt etiske problemstillingar på ein sjølvstendig måte

Oppgåve 1

Forklar og gi døme på kvart av desse omgrepa:

  • dydsetikk

  • konsekvensetikk

  • moralisme

  • medieetikk

  • presseetikk

Oppgåve 2

Lag ein kort presentasjon for elevar i 10. klasse om dei yrkesetiske reglane som gjeld for journalistar som dekkjer ulykker og katastrofar.

Bruk PowerPoint eller eit anna digitalt presentasjonsprogram.

Oppgåve 3

Skriv ein kronikk der du uttrykkjer dine meiningar om kva for nokre etiske krav som bør stillast til fiktive medieforteljingar som TV-seriar og spelefilmar.

Legg vekt på å bruke etiske og mediefaglege omgrep og språklege verkemiddel som fangar interessa til lesarane.

Relatert innhald

Fagstoff
Medieetikk når katastrofen rammar

I katastrofesituasjonar er behovet for informasjon enormt og presset på redaksjonane stort. Då er det fort gjort å gløyme å ta medieetiske omsyn.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2021