Om filmen
I byrjinga av filmen er vi i Kabul. Vi ser korleis Rebecca fotograferer ei kvinne som førebur seg til å bli sjølvmordsbombar. Kvinna utløyser bomba i ei gate full av menneske. Rebecca endar opp med å bli hardt skada.
Etter ulykka dreg ho heim til mannen Marcus og dei to døtrene sine i Irland. Ho prøver no å arbeide med trauma etter eksplosjonen, få ekteskapet på rett kjøl og vere saman med dei to døtrene sine. Det er vanskeleg og utfordrande å vere krigsfotograf ute i felten. Rebeccas jobb har òg kosta familien hennar mykje.
Filmen sitt dilemma
Filmen viser kor viktig det er at journalistar og fotografar er til stades i konfliktområde for å dokumentere overgrep og krigshandlingar.
Han reiser òg spørsmål rundt kva det er som gjer at somme menneske er villige til å ofre livet sitt på jobb, og på kva måte dette påverkar familien som ventar heime.
Kinosuksess
Tusen ganger god natt blei sett av over 100 000 då han gjekk på kino i Noreg.
Filmen er regissert av Erik Poppe. Han er òg kjend for filmane (som ofte blir omtalte som Oslo-trilogien) Schpaaa, Hawaii-Oslo, deUSYNLIGE, og filmane Kongens nei og Utøya 22.juli.