Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etisk vurdering av podkastar og videobloggar

I mediekommentaren "Tusvik & Tønne ramlar mest" spør Sven Egil Omdal kvifor det ikkje blir stilt strengare etiske krav til podkastarar og bloggarar. Er det til dømes greitt at podkasten Tusvik & Tønne bruker krisene til andre for å framkalle latter og kjensler hos lyttarane sine?
Foto av to kvinner som klamrar seg til kvarandre og skjer grimasar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forarbeid

Les mediekommentaren "Tusvik & Tønne ramler mest" av Sven Egil Omdal. Noter viktige moment til ein diskusjon om medieetikk.

Utforsk og vurder etikken i ein videoblogg og ein podkast

Jobb saman i små grupper.

  • Lag ei liste over videobloggar og podkastar som de trur mange jamaldra lyttar til.

  • Vel éin videoblogg og éin podkast som de vil utforske nøyare, og set dykk inn i form og innhald.

  • Jobb ein periode kvar for dykk med å formulere ei etisk problemstilling som kan knytast til kvart av dei to medieuttrykka.

  • Gruppedeltakarane presenterer så problemstillingane sine for resten av gruppa etter tur.

  • Diskuter problemstillingane ut frå det de veit om medieetikk. Pass på at alle i gruppa kjem til orde.

Etterarbeid

Skriv ein individuell refleksjonsrapport om utbyttet av gruppearbeidet. I rapporten skal du òg gjere greie for kva for nokre etiske krav du sjølv meiner bør stillast til podkastar og videobloggar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021

Læringsressursar

Medieetiske problemstillingar