Kva er etikk? - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er etikk?

Korleis ville du reagert viss den beste venen din laug for deg, viss nokon stal telefonen din eller slo deg ned utan nokon som helst grunn? I etikken reflekterer vi over dei moralske oppfatningane våre. Vi reflekterer over korleis vi bør handle overfor kvarandre og kvifor noko er rett eller gale.
Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Rett og gale

Vi har alle ei forståing av kva som rett og gale. Vi har alle opplevd å bli urettferdig behandla. Dei fleste av oss har opplevd å bli såra, anten fysisk eller psykisk. Vi kan ha blitt utsette for krenkingar som hets, vald, audmjuking, utestenging eller mobbing, eller vi kan ha sett andre bli offer for slike handlingar.

Dette er opplevingar som rører oss på ein grunnleggjande måte. Det blir opplevd som ein urett. Vi opplever det som gale, eller vondt, eller urettferdig, noko som ikkje burde hende.

Slike hendingar skaper ofte sterke reaksjonar – ikkje berre fordi nokon har gjort noko gale mot oss, men fordi sjølve handlinga blir opplevd som moralsk gal eller urettferdig. Dette ville ikkje vore mogleg viss det ikkje samtidig fanst noko som var rett og riktig, ein moralsk standard for korleis vi burde oppføre oss mot kvarandre.

Alle samfunn byggjer på visse grunnleggjande førestillingar om kva som rett og gale og godt og vondt, men desse førestillingane kan variere frå samfunn til samfunn og frå individ til individ. Ofte er vi ueinige om kva som er moralsk og etisk riktig i ein bestemt situasjon, og kvifor noko er godt mens noko anna er vondt.

Etikk og moral

Til dagleg bruker vi ofte omgrepa etikk og moral om kvarandre som to synonym. I filosofien er det likevel vanleg å skilje mellom dei og definere etikk og moral på to ulike måtar. Moral er oppfatningar om rett og gale og godt og vondt i eit samfunn.

Moralen seier noko om korleis vi bør handle i ulike situasjonar og kva haldningar som er riktige og gale. I samfunnet vårt er det til dømes riktig å hjelpe menneske som lid, gripe inn viss nokon blir utsette for eit overgrep og ikkje lyge eller stele.

Etikk er refleksjonar over moralen. Det kan også definerast som læra om moral. I etikken er ein oppteken av å grunngi kvifor noko er rett eller gale og tenkje systematisk gjennom oppfatningane våre av godt og vondt.

Ifølgje moralen er det til dømes gale å lyge overfor ein ven. Dette forbodet kan ha ulike etiske grunngivingar. Ei etisk grunngiving kan til dømes vere at løgn øydelegg tilliten mellom menneske.

Normativ og deskriptiv etikk

Det finst ulike former for etikk. Vi skil mellom deskriptiv etikk, normativ etikk, anvendt etikk og metaetikk. Grensene mellom desse fire formene for etikk kan vere flytande, og det er ikkje mogleg å dra ei absolutt grense mellom dei.

I deskriptiv etikk beskriv ein moralske oppfatningar og praksisar i ulike samfunn utan å ta stilling til om desse oppfatningane er rette eller gale. I dette faget vil du til dømes møte på mange slike beskrivingar av moralske oppfatningar innanfor kristendommen, islam og andre religionar.

Ein forskar kan til dømes beskrive religiøse tradisjonar, som omskjering av kvinner, utan å ta stilling til om denne praksisen er rett eller gal. Viss forskaren derimot bruker kunnskapen sin til å reflektere over kvifor somme religiøse tradisjonar er moralsk gale, kallar vi det normativ etikk.

Normativ etikk er teoriar om korleis vi bør leve og kva for oppfatningar, haldninger og handlingar som er gode og riktige. Det finst fleire ulike etiske teoriar og modellar. Dei er baserte på ulike prinsipp og kan ha ulikt syn på kva som er viktig og uviktig.

Anvendt etikk og metaetikk

I etikken er det også vanleg å skilje mellom anvendt etikk og metaetikk:

Anvendt etikk er oppteken av den praktiske sida av etikken. Her utforskar vi konkrete område av moralen som til dømes dyreetikk, pressetikk eller bioetikk. Vi kan undersøkje kva for moralske forpliktingar vi har overfor naturen og miljøet, eller kva for moralske rettar og plikter lærarar og elevar har overfor kvarandre i klasserommet. Ein kan også spørje om abort eller aktiv dødshjelp er rett eller gale og undersøkje om det kan vere moralsk riktig å drepe i krig.

Metaetikk er oppteken av sjølve grunnlaget for moralen. Kva er moral? Finst det moralske sanningar? Er moral basert på objektive fakta, på personlege kjensler og preferansar eller kulturelle konvensjonar? På den eine sida har ein dei som meiner at det finst noko som er absolutt rett eller gale uavhengig av tid og stad. På den andre sida har ein dei som meiner at moralen berre er ein sosial konstruksjon som heile tida blir forandra.

Viktige omgrep


Kilder

  • Johansen, K.J & Vetlesen, A.J. (2000). Innføring i etikk. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Thommesen, B. & Wetlesen, J. (2000). Etisk tenkning. En historisk og systematisk innføring. Oslo: Ad Notam Gyldendal
  • Vetlesen, A.J (2007). Hva er etikk. Oslo: Universitetsforlaget.
Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2021