Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet lyssetjing

Her kan du sjekke forståinga di av emnet lyssetjing. Kva har du fått med deg?
To store lyskastarar på høge stativ lyser opp ei lita scene i eit mørkt lokale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du forstått?

Kan du svare ja på alle punkta nedanfor, har du fått med deg det mest sentrale i emnet lyssetjing.

  • Du kan setje opp trepunkts lyssetjing.
  • Du veit forskjellen på mjukt og hardt lys.
  • Du veit korleis sola og tidspunkt på dagen speler inn på karakteristikken til lyset utandørs.
  • Du veit kva innstillingar kameraet bør ha når du fotograferer i studio.
  • Du kan handtere studiolamper på ein trygg og føremålstenleg måte.
  • Du kan variere lyssetjingar innandørs og utandørs og gjere manuelle innstillingar på kameraet tilpassa lysforholda.
  • Du kjenner til fleire studiolyssetjingar som Rembrandt-lyssetjing, splitta lyssetjing og sommarfugl-lyssetjing.
  • Du kan bruke reflektor, veit kvifor han blir brukt, og kjenner til ulike reflektorfargar og korleis dei påverkar fargetemperaturen.

Fagomgrep

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 01.05.2021

Læringsressursar

Lyssetjing