Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk lys frå ulike kjelder i fotografering

Modell fotografert i vindaugslys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Bruk ulike lyskjelder i portrettfotografering

Alle lyskjelder har ei retning, ein intensitet og ei høgdeplassering. Utforsk skulebygget og finn 5–10 forskjellige naturlege og kunstige lyskjelder. Fotografer portrett av kvarandre der de bruker forskjellige lyskjelder.

Tips

  • Still kamera i blendarprioritet (AV eller A) og bruk den største blendaropninga (lågast tal!) som objektivet tilbyr. Då får du liten djupneskarpleik, samt at lukkartida blir så kort som mogleg. Ver likevel obs på at høge ISO-verdiar eller stativ kan vere naudsynt.
  • Tips til lyskjelder: vindauge, døropningar, lampene i taket og brusautomaten i kantina.
  • Vend ansiktet til modellen mot lyskjelda!

Oppgåve 2: Kreativ bruk av blitslys (avansert oppgåve)

Kollasj av modell full av mel, fotografert med to blitslamper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blitslyset er eit veldig raskt lysglimt. Det vil seie at blitslampa ikkje berre lyser opp ein modell eller eit objekt, ho bidreg også til å fryse rørsler. Det kan du gjere mykje gøy ut av!

Slik gjer du:

  • Still inn lampene og mål lyset.
  • Deretter dynkar du modellen i mjøl, vatn eller liknande og stiller inn fokus.
  • Tel så høgt til tre. Idet modellen er midt i rørsla, eksponerer du biletet.

Eit godt tips er å gjere dette utandørs på kveldstid når det er mørkt. Det vil spare deg for mykje reingjering i etterkant av fotograferinga!

Elevane i klassen prøver på omgang. Det er ikkje enkelt å treffe riktig med eksponeringa. Kvart bilete blir dermed unikt. Lykke til!

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Lyssetjing