Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fotografer naturleg lys

Utforsk naturleg lys ute og inne i dette fotooppdraget.
Bilete av steinar ved ei strand og bølgjer som er på veg inn på stranda. Til venstre i biletet er det ein stor stein i vatnet. I bakgrunnen skimtar vi eit skip. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utforsk og eksperimenter med naturleg lys ute og inne, og ta mange ulike bilete. Ta bilete i RAW-format. Gjer minst fire av fotooppgåvene.

Lag ei filmappe med ubehandla og behandla bilete, og lag ei oversikt der du presenterer kvart bilete, beskriv lyssetting og lyskilde og kommenterer bileta og vala du har gjort.

Les denne fagressursen om naturleg lys før du går i gang med fotograferinga:

Oppgåve 1) Portrett med og utan reflektor

Ta eit portrett av ein person utandørs, og unngå for sterkt lys. Her skal du ta bilete av same motiv på same stad både med og utan reflektor. Du skal setje bileta ved sida av kvarandre i biletoversikta og beskrive korleis portrettet ser ut med og utan reflektor.

Oppgåve 2) Soloppgang/solnedgang

Ta bilete når sola er på veg opp eller ned. Ta både portrett og landskapsbilete.

Oppgåve 3) Ta bilete når det er sterk sol

Ta bilete midt på dagen når det er sterk stol. Du skal både ta eit bilete med hardt lys og kraftige skuggar, og oppsøkje skugge og ta eit bilete i mjukare lys.

Oppgåve 4) Sidelys

Finn ein stad utandørs der naturleg lys slepp inn frå sida, til dømes ein undergang, inni eit skur med døra open eller ein tunnel. Ta bilete av ein modell eller eit objekt.

Oppgåve 5) Innandørs

Utforsk naturleg lys innandørs som slepp inn gjennom eit vindauge eller ei dør. Ta fleire bilete. Gjer både oppgåve a og oppgåve b.

  1. Ta eit bilete av ein person eller eit anna motiv. Du kan bruke reflektor om du vil. Observer korleis lyset endrar seg når personen er nærmare og lenger unna lyset. Test ut både frontlys og sidelys.

  2. Ta eit portrett der personen ikkje skal kunne kjennast att. Bruk motlys.

Ein kollasj med fire bilete viser ei jente som sit utandørs ved eit vindu med fire ulike lyssettingar: naturleg lys og tre ulike reflektorskjermar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2021

Læringsressursar

Lyssetjing