Hopp til innhald

Fagstoff

Lyssetjing i film

Lyssettinga framhever eigenskapar ved motivet og formar stemninga i filmen. Hardt lys skaper skarpe skuggar. Mjukt lys bidreg til mjuke skuggar. Dagslys og kunstig lys har ulik fargetone.

Videoen er laga av elevbedrifta Røver UB på oppdrag frå NDLA.

Lyskjelder

Lys er eit viktig filmatisk verkemiddel. Lyssetjnga skaper ulike stemningar i filmen, og framhevar kontrastar og fargar i bileta. Den mest vanlege måten å lyssetje på er trepunkts lyssetjing. Då bruker du tre ulike lyskjelder til å lyse opp motivet.

  • Hovudlys: Vel først ei lysretning og sett opp hovudlyset derfrå. Det skal stå ca. 30 grader til sida for aksen og 30 grader vertikalt.
  • Fyllys: Fyllyset plasserer du slik at du ikkje får for mykje skugge. Set det på motsett side av aksen og gjerne litt lågare enn hovudlyset.
  • Spisslys: Spisslys hjelper til med å skilje personane ut frå bakgrunnen. Det set du på same side som hovudlyset, maks. 45 grader bak hovudlyset.

Hardt og mjukt lys

Hardt lys skaper skarpe skuggar. Mjukt lys bidreg til mjuke skuggar. Storleiken på lyskjeldene verkar inn på om det blir skarpe skuggar eller mjuke skuggar. Ei stor lyskjelde, til dømes ein reflektor, gir mjuke skuggar. Ei lita lyskjelde (punktlyskjelde) gir skarpe skuggar. Indirekte lys blir alltid mjukt.

Skal du ha ekstra mjukt lys kan du spenne opp eit tynt, kvitt stoff mellom to stolpar. Du kan også dempe med softfilter.

Dess fleire lyskastarar du bruker, dess vanskelegare blir det å setje lyset. Lys skaper skuggar, og ikkje minst kan skugge frå naser vere ei utfordring. Det kan då vere betre å bruke ein reflektor i staden for mjukt lys. Ei isoporplate, kvit papp eller ei anna form for reflektor som kastar tilbake ein del av hovudlyset, vil gi eit fint lys på motsett side av ansiktet.

"Låvedører"

Dersom du brukar mange lyskastarar i eit lite rom, vil dette bli veldig lyst, og stort sett like lyst i heile rommet. Dei fleste lyskastarar har derfor det vi kallar ”låvedører”. Det vil seie fire metallplater som er plasserte rundt lyskastaren. Med desse kan du "skjerme" lyset slik at det ikkje blir like lyst over alt.

Filter

Du kan feste filter på lyskastaren med for eksempel klesklyper av tre. Dei filtra ein bruker mest, er såkalla diffusjonsfilter for å gjere lyset mjukare. Men du bør også ha med deg korreksjonsfilter ut på opptak.

Dersom du bruker lyset frå vindauget som hovudlys, må du setje opp fyllys for å lette opp skuggesida. Problemet er at du då kan få blandingslys. Lyskastaren har eit mykje varmare lys enn utelyset. Då kan du setje på eit blått korreksjonsfilter på lyskastaren slik at lyset får same fargetemperatur som utelyset.

Det finst også gule filter som kan filtrere utelyset slik at det får same temperatur som lampelyset. Det finst også filter i andre fargar som du kan bruke kreativt.

Joseph Cotten i filmen "Den tredje mann".

Lys i nattscener

Mange amatørar slår av det meste av lys fordi dei skal framstille at det er natt. Det blir det ikkje så spennande bilete av. Hugs at det eigentleg kan vere ganske mykje lys i ei nattscene utan at vi trur det er dag. Det er kontrasten mellom dei sterke lyssøylene og dei store mørke flatene som gjer at vi oppfattar det som natt.

Det som kjenneteiknar lys om natta, er at det stort sett kjem frå ein vinkel. Derfor kan vi setje litt hardt lys på hovudmotivet og kanskje setje litt ekstralys i tretoppar og husveggar slik at det ikkje blir helt mørkt i bakgrunnen. Bilar som passerer kan også gi fint lys. Ei anna enkel lyskjelde kan for eksempel vere ei lommelykt som tjuven eller leitemannskap i skogen har med seg som rekvisitt.

Sikkerheit

Når du set lys med mange lamper frå 300 til fleire tusen watt, blir det utvikla mykje varme. Bruk hanskar og unngå å setje lyskastarane for nære møbel, tak og veggar. Ver også merksam på at eit relativt spinkelt stativ med ein tung lyskastar må vere så stabilt som mogleg. Støtt det opp med tunge element eller fest det med stroppar.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du lage ein skrekkfilm basert på manus og storyboard som er laga av andre.

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2018

Læringsressursar

Lyssetjing