Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Portrett med ulike lyssettingar

Ta mange studioportrett av same person, og jobb aktivt med ulike lyssettingar for å skape ulike visuelle uttrykk.
Kollasj av to portrett av same personen med høvesvis hard og mjuk lyssetting. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal no ta ulike portrett av ein person i studio og bruke ulike lyssettingar. Du kan veksle mellom ulike utsnitt og perspektiv.

Du kan lære meir om lyssetting i desse ressursane:


Vel minst fire av oppgåvene under. Noter ned kva lyssettingar du har brukt, og kvifor du har gjort det på denne måten. Beskriv kort lyssettinga, og gi kvart bilete ein tittel. Noter ned kva slags uttrykk du meiner bileta skaper, og korleis lyssettinga bidreg til dette.

Oppgåver

  1. Ta eit fint og ryddig portrett som kan brukast til ID-kort, som profilbilete eller på veggen til familiemedlemmer. Bruk mykje lys og lys bakgrunn.

  2. Ta eit portrett som viser litt av personlegdommen til personen, litt mindre formelt enn i oppgåve a.

  3. Sjå for deg at medeleven din skal stå fram i ei avis på grunn av den spesielle historia si. Det er viktig at personen ikkje blir kjend att, men redaktøren ønskjer at vi skal kunne sjå at det er ein person, for å styrkje truverdet til avisa.

  4. Ta eit illustrasjonsbilete av medeleven der lyssettinga er med på å dramatisere ein setting. Dette kan brukast i ei nettavis om eit tema du vel sjølv. Personen på illustrasjonsbiletet skal ikkje sjølv vere den avisa skriv om, men skal kunne illustrere denne og fleire andre saker.

    Skildre til dømes at det er ein mektig, frustrert, overstadig lykkeleg, trist, redd eller rasande person. Eller nokon som mobbar på nett eller er avhengig av mobilen.

  5. Ein ny kunstpublikasjon ønskjer tankefulle og spennande portrett og publiserer ofte portrett med splitta lyssetting. Overrask dei med eit uttrykksfullt portrett med slik lyssetting.

Ei leande kvinne med svart hår og fargerike klede står framfor fargerike tekstilar og ballongar. I armane held ho ein hund som har fått eit raudt tørkle med kvite prikkar knytt rundt hovudet som eit skaut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2021

Læringsressursar

Lyssetjing