Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fotografer illustrasjonsbilete

Her er tre praktiske arbeidsoppgåver med litt ulik vanskegrad. Du kan utføre alle oppgåvene, eller velje mellom oppgåve 1, 2 eller 3.
Produktfoto av en joggesko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Fotografer eit produktfoto av ein sko der forma og funksjonen til skoen kjem tydeleg fram.
  2. Fotografer eit illustrasjonsbilete som viser produktet (skoen) i bruk.

Oppgåve 2

  1. Fotografer eit produktbilete av ein blank gjenstand (f.eks. ei gryte eller ein bolle).
  2. Fotografer eit illustrasjonsbilete til ei sak som handlar om fråværsgrensa i vidaregåande skule.

Oppgåve 3

  1. Fotografer eit produkt der du bruker lysmålingsteknikkar kreativt.
  2. Fotografer eit illustrasjonsbilete til ordtaket «Ikkje sel skinnet før bjørnen er skoten».

Vurdering

Når bileta dine er ferdige, kan du vise dei fram for klassen.

Gjer greie for og begrunn dei vala du har gjort.

Be om tilbakemelding frå medelevar og lærarar.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2017

Læringsressursar

Lyssetjing