Bruk av kroppsspråk i debatt
Kroppsspråk handlar om korleis vi bruker ansiktsuttrykk, blikket, kroppsrørsler og handrørsler når vi kommuniserer. I ein debatt kan vi bruke kroppsspråket til å vise til dømes semje eller usemje, eller at vi ønskjer å seie noko.
Relatert innhald
Kroppsspråket vårt inkluderer ansiktsuttrykk, blikk og augekontakt og gestar og andre kroppsrørsler.
I ein debatt er det viktig å lytte til dei andre deltakarane. Korleis kan vi med kroppsspråket vårt vise at vi høyrer kva dei andre seier, uansett om vi er samde eller usamde?
Vel ein eller to kjende politikarar og beskriv korleis dei bruker kroppsspråket når dei kommuniserer. Er det noko spesielt dei ofte gjer med ansiktet, hendene eller kroppen i debattar? Gi døme.
Korleis reagerer du med kroppsspråket viss nokon ytrar noko du er fullstendig usamd i?
Korleis bruker Høgre-politikar Henrik Aasheim og Raudt-politikar Marie Sneve Martinussen i programmet Einig? kroppsspråket i ein diskusjon om temaet økonomi? Les gjennom instruksjonane og spørsmåla under, før du ser episoden.
Episoden er delt inn i fire delar, kvar del med ein påstand deltakarane skal diskutere. Eit tips er å sjå første del, så ta ein pause og ta notat, og så gå vidare til neste del. Gjenta dette til du har sett heile episoden. Bruk spørsmåla under, og noter ned observasjonane dine.
Gi døme på ansiktsuttrykk, og kva du meiner desse signaliserer.
Gi døme på bruk av smilet. Korleis tolkar du kva smilet kan bety i dei gitte situasjonane?
Gi døme på bruk av blikk og augekontakt. Bruker dei mykje eller lite blikkontakt? Kva funksjon kan blikkontakt ha i ein debatt?
Gi døme på gestar (handrørsler), og sei noko om betydinga av desse gestane.
Korleis uttrykkjer deltakarane semje og usemje gjennom kroppsspråket?
I ein samtale blir kroppsspråk ofte brukt for å regulere samtalen. Kva signal bruker deltakarane her for å regulere kven det er sin tur til å seie noko?
Var det noko anna du la spesielt merke til med kroppsspråket til deltakarane?
Korleis meiner du bruken av deltakarane sitt kroppsspråk påverkar
samspelet mellom deltakarane?
meiningane og bodskapen deira?
inntrykket ditt av deltakarane?
debatten samla sett?
Kva kan vi lære av å utforske og studere andre sin bruk av kroppsspråk?