Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av avstand

Kva avstand vi helst held til andre i ulike kommunikasjonssituasjonar, kan vere situasjonsbestemt og kulturavhengig.
Sju personar står etter kvarandre i ei rekkje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste av oss har ei intimgrense eller eit personleg rom som gjer at vi reagerer viss nokon kjem oss for nære. Kvar denne grensa går, det vil seie kor stort det personlege rommet vårt er, er både situasjonsbestemt og kulturavhengig.

Alder, kjønn, samtaleemne, formål, kulturelle kodar, sosial status og val av språk er faktorar som kan påverke korleis vi plasserer oss i forhold til andre, og korleis andre plasserer seg i forhold til oss.

Kommunikasjonssfærar

Vi kommuniserer på ulike måtar, både verbalt og ikkje-verbalt, med personar som står oss nære og personar som står oss fjernt. Dei personane vi kommuniserer med, kan vi plassere i såkalla kommunikasjonssfærar. Kommunikasjonssfærane er med på å styre korleis vi kommuniserer med andre.

Dahl (2001) beskriv fire sfærar, eller rom, for kommunikasjon:

  • intimsfære (familiemedlemmar)

  • personleg sfære (vener)

  • sosial sfære (arbeidskameratar, kjende, forretningssamband)

  • offentleg sfære (styresmakter, politikarar)

Slike kommunikasjonssfærar er til vanleg ikkje så synlege, men blir meir synlege når vi sjølve eller andre overskrid grensene. Dette kan skje både i verbal kommunikasjon og ikkje-verbal kommunikasjon. Viss nokon i den sosiale sfæren spør om noko vi kjenner høyrer til den intime eller personlege sfæren, til dømes kva vi tener eller kva vi et til frukost, så kan vi oppleve det som at denne personen har overskride grensene. Det same gjeld ikkje-verbal kommunikasjon, og då spesielt bruk av avstand. Vi held større avstand til dei som vi reknar høyrer til den sosiale eller offentlege sfæren, enn dei som høyrer til den intime eller personlege sfæren vår.

Viss vi bevegar oss innanfor feil kommunikasjonssfære, kan dette føre til til dømes misforståingar, ubehag eller at vi sårar nokon utan at vi nødvendigvis meiner det.

Avstand kan vere situasjonsavhengig

Avstanden vi held til andre, kan avhenge av situasjonen vi er i. Vi aksepterer at vi må stå tett inntil kvarandre når bussen er heilt full, sjølv om dette overskrid den intime grensa vår. Samtidig vil vi nok reagere viss det er mange ledige plassar på bussen, og nokon set seg på det ledige setet ved sida av oss. Er du på ein stad der det er god plass og ikkje så mange andre menneske, og nokon du ikkje kjenner stoppar opp ved sida av deg, vil du nok kjenne dette som unaturleg. Er du på ein stad med mange menneske, til dømes på ein konsert, er det ikkje så unaturleg at nokon du ikkje kjenner, står nær deg.

Den kulturelle konteksten betyr noko

I visse situasjonar er det kulturavhengig kor nære andre det er akseptert å vere. Som eit generelt døme kan vi seie at i Nord-Amerika og Nord-Europa vil individ gjerne ha litt meir avstand rundt seg, mens det i andre kulturelle fellesskap kan vere meir naturleg med nærleik til andre. Under ser du to døme på korleis den kulturelle konteksten kan vere med på å påverke nærleik og avstand til andre.

Nærprataren

I dette klippet frå den amerikanske komiserien Seinfeld ser vi eit døme på bruk av avstand som vi kan forstå ut frå ein kulturell kontekst. Den eine karakteren, Aron, blir kalla ein "close talker" (ein "nærpratar"), fordi han blir oppfatta som altfor nærgåande når han snakkar med dei andre karakterane. I klippet kan vi rekne med at nokre av dei han snakkar med, høyrer til den sosiale sfæren, og at det derfor er mindre aksept for nærleik:

Seinfeld på YouTube: The Close Talker

Sjå klippet, og legg spesielt merke til korleis dei andre karakterane reagerer på korleis Aron bruker avstand.

  • Korleis hadde du reagert, viss nokon stod så tett inntil deg når de snakka saman?

  • I kva situasjonar er det greitt at nokon står så tett inntil deg i ein samtale?

  • Kva kan ein gjere for å takle ein "nærpratar"?

Det er kulturavhengig at situasjonen i dette klippet blir framstilt og blir oppfatta humoristisk, sidan karakteren Aron bryt med dei uskrivne reglane som gjeld innanfor denne kulturkonteksten (den nord-amerikanske). I ein annan kulturkontekst, der slik nærleik i kommunikasjon er meir godteke, hadde kanskje ikkje dette klippet vorte oppfatta som noko som var meint å vere humoristisk.

Intimgrensene til nordmenn

Eit anna døme på korleis den kulturelle konteksten har noko å seie for bruk av avstand, finn vi på nettsida til boka The Social Guidebook to Norway, skrive av Julien S Bourrelle. Canadiske Bourrelle, som flytta til Noreg i 2009, har skrive fleire humoristiske bøker om opplevinga av å leve i ein ny kultur. Les teksten om intimgrensene til nordmenn på nettsida The Social Guidebook to Norway.

The Social Guidebook to Norway: Intimgrensene til nordmenn

  • Kva er det denne teksten formidlar om nordmenn sin bruk av avstand og nærleik til andre? Har de opplevd noko av det som blir beskrive?

  • Kan de kjenne dykk igjen i noko av det Bourrelle beskriv?

  • Kva er desse skildringane av nordmenn baserte på, trur de? På kva grunnlag kan forfattaren kome med slike skildringar av nordmenn?

  • Har det noko å seie kven som har skrive dette, altså at det er skrive av ein som ikkje er norsk?

Kjelder

Bøhn, H. og Dypedahl, M. (2017). Veien til interkulturell kompetanse. Fagbokforlaget.

Dahl, Ø. (2001). Møte mellom mennesker. Interkulturell kommunikasjon. Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Ikkje-verbal kommunikasjon